Otto H. Svenkerud

Norsk gardbrukar og politikar

Otto Halvorsen Svenkerud (30. desember 187331. oktober 1938) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Våler i Solør som representerte Hedmark fylke og partiet HøgreStortinget 1925-27. Kristian Halvorssen Svenkerud var farfaren hans.

Otto H. Svenkerud
Fødd 30. desember 1873
Våler
Død

31. oktober 1938 (64 år)

Yrke skribent

Liv og gjerningEndra

Svenkerud tok middelskoleeksamen i 1889 og eksamen ved Jønsberg landbruksskole i 1893. Dei to neste åra var han fullmektig for den rike skogeigaren Arne Omsted i Grue, før han i 1895 byrja som tømmermerkar i Østerdalen og Solør, eit syssel han hadde til 1918. Frå 1900 var han gardbrukar på Korsbakken i Elverum, til han i 1904 tok over garden Storhov i Elverum, ein gard som morsslekta hans åtte. I 1918 kjøpte han grannegarden Skjefstad og dreiv begge bruka samla.

Til Jubileumsutstillinga 1914 var Svenkerud komiteformann for Hedmark. Seinare var han med i den departementale komiteen om utstillingsplassen på Smedstadmoen av 1920. I tida 1919-28 og seinare 1931-34 var Svenkerud medlem i heradsstyret i Elverum. Han var til ulik tid også formann i likningskommisjonen, skogutvalet og skogrådet i Elverum. Dessutan formann i overstyret for Jønsberg landbruksskole i tolv år frå 1925, og styremedlem i Landstelefonforeningen.

Frå 1922 til -25 var Svenkerud medlem i Høgre sitt sentralstyre. Perioden 1922-24 var han andre varamann til Stortinget frå Hedmark, og møtte ti dagar i april 1924. I den neste stortingsperioden, 1925-27, var han stortingsmann med fast plass, medlem i Landbrukskomiteen. Han var i 1926-27 med i riksretten som frikjende Berge-regjeringa.

Svenkerud hadde stor interesse for hest, og var formann i Sør Østerdalens Hesteavlsforening 1902-11 og på ny frå 1927. I mellomtida, 1917-26, leia han Hedemarkens Hesteavlsforening. Elles var han styremedlem 1923-29 i Norsk Jæger- og Fiskerforening og formann 1931-33 i Sør Østerdalens Skogeierforening.

Svenkerud var medarbeidar i Norsk Landmannsblad, og skreiv elles mykje i pressa om landbruk og om politiske spørsmål. Han forfatta Elverum-Våler Telefonforenings 50-års beretning 1886-1935.

KjelderEndra