Otto Hauglin

norsk politikar

Otto Eugen Hauglin (fødd 7. februar 1942 i Fredrikstad, død 18. november 2012 i Oslo[1]) var ein norsk sosiolog og politikar for Sosialistisk Valforbund og SV. Han var stortingsrepresentant frå Østfold i perioden 1973 til 1977.

Otto Hauglin
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. februar 1942
Fredrikstad
Død

18. november 2012 (70 år)
Oslo

Yrke politikar, forskar, fysteamanuensis
Språk norsk
Politisk parti Sosialistisk Valforbund

Hauglin vart Mag.art. i sosiologi i 1970. Han var rektor ved Diakonhjemmets sosialskole frå 1970 til han vart oppsagt ved årsskiftet 1979-1980.[2] Bakgrunnen for oppseiinga var at han hadde nekta å praktisera dei personalpolitiske retningslinjene til hovudstyret. Norsk sosionomforbund og LO gjekk til sak mot Diakonhjemmet. Saka gjekk til Høgsterett, der Diakonhjemmet vann.[3] Hauglin var på slutten av 90-talet tilbake på Diakonhjemmet, då ved sjukehuset, som leiar for arbeidsgruppa som greidde ut reform i leiingsstrukturen til sjukehuset.[4]

Stortingskomitéer endre

Kjelder endre