Oude IJssel, eller Alte Isseltysk (begge namna tyder «Gamle IJssel»), er ei elv i Tyskland og Nederland, og ei av sideelvane til IJssel frå høgre med ei lengd på 80 km. IJssel er ein av greinene i Rhindeltaet. Oude IJssel var den øvre leia til IJssel fram til ein grov ut ein kanal til Rhinen, sannsynlegvis i romartida.

Oude IJssel
elv
Oude IJssel ved Doetinchem
Land  Tyskland,  Nederland
Lengd 80 km
Kjelde Borken i Nordrhein-Westfalen
Munning IJssel
Kart
Oude IJssel
51°47′40″ N 6°49′50″ E
Wikimedia Commons: Oude IJssel

Rhinen vart då det største bidraget til IJssel, sjølv om relativt lite av vatnet i Rhinen renn denne vegen og inn i IJssel-systemet. Forskjellige sideelvar kan stundom gje ganske mykje vatn til den totale vassføringa i elva, t.d. elvane Berkel og Schipbeek. IJssel er den einaste greina av Rhindeltaet som mottar sideelvar i staden for å spreie seg ut i fleire greiner. Berre nær munningen av IJssel delar ho seg opp i fleire greiner i det litle IJsseldeltaet.

Kjelda til Oude IJssel ligg nær Borken i Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Ho renn først sørvestover før ho nesten når Rhinen nær Wesel, der ho snur nordvestover. Etter Isselburg kryssar ho grensa til Nederland (provinsen Gelderland). Ho renn gjennom Doetinchem og munnar ut i IJssel i Doesburg.

Kjelder endre