Ouverture i fransk stil
Ouverture i fransk stil, BWV 831, originaltittel Overture nach Französicher Art , òg kjend som Fransk Ouverture og publisert i andre halvdel av Clavier-Übung II i 1735 (i lag med Italiensk konsert), er ein suite i H-moll for cembalo med to manualar av Johann Sebastian Bach.
BWV 831 Suite av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Klavermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1735 | ||
Publiseringsdato | 1735 | ||
Typisk lengd | 30:14 | ||
Satsar/akter | 8 | ||
Toneart | h-moll | ||
Instrumentering | cembalo |
Uttrykket «Ouverture» viser til at suiten startar med ein ouverture-sats og var eit vanleg fellesnamn for franske suitar.
Satsar:
Lengda på stykket er om lag 30 minuttar.
Stilen på dette verker referer til komponistar som François Couperin som hadde publisert musikkverk i denne suite-forma. Slike suitar hadde vorte komponert for både soloinstrument og orkester. Bach sine verk, hovudsakleg for cembalo, nyttar ein rikare lyd enn det som var vanleg for dei franske komponistane han refererte til.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bokmelding av Yo Tomita, arkivert frå originalen 24. mars 2021, henta 25. april 2010
Bakgrunnsstoff
endre- Fransk Ouverture: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.