Ove Trellevik

norsk politikar

Ove Bernt Trellevik (fødd 15. august 1965) er ein norsk politikar (H) frå Tofterøy i Sund kommune. Trellevik vart innvald til stortingsrepresentant for Hordaland hausten 2013 på utjamningsmandat.

Ove Trellevik

Fødd15. august 1965 (58 år)
Toftøya
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedSjøkrigsskulen
Norges handelshøyskole
Alle verv

Ove Trellevik har utdanning som offiser frå Sjøkrigsskolen samt siviløkonom frå Norges Handelshøyskole frå 2000. Trellevik arbeidde stort sett med forpleiing, logistikk og forvaltning i Sjøforsvaret 1985–2000 og i Forsvarets logistikkorganisasjon 2001–2005. I åra 2005–2010 var han tilsett i kraftselskapet BKK AS, der han leidde eit innkjøpssamarbeid mellom kraftselskapa på Vestlandet. [1]

Trellevik meldte seg inn i Høgre i 2007, og blei vald inn i Sund kommunestyre hausten same året. [2] Etter at ordførar Albrigt Sangolt døydde i september 2010, blei Trellevik vald til hans etterfølgjar den 8. november 2010. Hausten 2013 blei Trellevik innvald på Stortinget frå Hordaland. [3]

Kjelder endre

  1. Ove Trellevik sin blogg: Om meg
  2. Sund kommune: Ordførar Ove Trellevik, arkivert frå originalen 14. august 2012, henta 10. oktober 2013 
  3. Biografi hjå Stortinget.