Overkriminalretten

Overkriminalretten var ein mellombels norsk domstol. Han vart skipa 9. oktober 1807 i Christiania (Oslo) for å døme som høgste instans i straffesaker då sambandet mellom Danmark og Noreg vart brote under Napoleonskrigane, og sakene difor ikkje kunne gå for den ordinære høgsteretten for Danmark-Noreg i København. Overkriminalretten vart lagd ned i 1810, oppretta att i 1813 og endeleg avvikla i 1815.

Arkivet etter Overkriminalretten er teke vare på i Riksarkivet i Oslo.

Bakgrunnsstoff endre