Ovipari
Ovipar (frå latin ovum, 'egg' og parere, 'å føde') er ei nemning for forplanting som skjer gjennom egglegging. Ovipare dyr legg egg der eit embryo kan utvikla seg og seinare klekka. Eigenskapen skil seg frå vivipar forplanting, der mororganismen føder levande ungar, og ovovivipar, der egga klekker i samband med fødsel. Alle fuglar, kloakkdyr og dei fleste fiskar, amfibie, reptil, insekt og edderkoppar er ovipare.
Egga som blir lagde kan vera befrukta, men lite utvikla embryo, eller eggceller som må befruktast utanfor mora. Medan dyr som lever på land ofte legg egg med nokså tjukke skal som allereie er blitt befrukta, gyter dyr som lever i vatn ofte ei mengd egg (rogn) som kan befruktast under eller etter gytinga.
Nokre ovipare dyr tek vare på egga fram til klekking og kan fôra ungane seinare. Andre forlèt egga straks dei er lagde.
Kjelder
endre- «ovipare dyr» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Oviparity» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2009.