Rogn frå dyr

(Omdirigert frå Fiskerogn)

Rogn (av norrønt hrogn) er ei vanleg nemning for egg frå dyr som gyter i vatn, som fisk, skaldyr og amfibium.[1]

Rogna til ein akvariefisk (Symphysodon)

Utrogn er rogn som sit under yttersida av halen på krepsdyr som hummar.[2]

Biletdøme endre

Rogn som mat endre

Ein del rogn blir brukt som matemne. Rogn av stør og ein del andre fiskar blir kalla kaviar.[3]

Rogn frå lagasild (svensk löjrom) er ein eksklusiv matrett i Sverige, og Kalix Löjrom er ei verna matnemning i EU.[4][5]

Torskerogn blir mellom anna brukt fersk, frosen og hermetisk.[3] Rognbakels er ein norsk vaffeltype laga med torskerogn.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre