Vivipar (frå latin vivus, 'levande' og parere, 'å føde') er ei nemning for forplanting der embryoet blir utvikla inni kroppen til mora, og dermed blir fødde levande. Artar som er vivipare skil seg frå eggleggjande eller ovipare dyr, og frå ovovivipare dyr, der avkommet kjem levande ut, men har utvikla seg i uklekte egg inne i mora.

Alle placentale pattedyr er vivipare. Her føder ei søye sitt andre lam.

Dei fleste pattedyr er vivipare (kloakkdyr legg derimot egg). I tillegg føder skorpionar, nokre slekter av firfisle og nokre artar av fløyelsdyr, haiar og slangar levande ungar.

Vivipar fjellrapp (Poa alpina subsp. vivipara)
Foto: Jerzy Opioła

Ein kan også snakka om vivipare plantar der frøa tek til å spira og få blad og kanskje også røter før dei forlet morplanten. Mange mangrovevekstar er vivipare. Ein finn også eigenskapen i nokre grastypar, som fjellrapp, fjellbunke og geitsvingel. I tillegg til «ekte» vivipari kan plantar også ha vegetativ eller uekte vivipari, der det veks fram yngleknoppar der det vanlegvis kjem blomar.

Fordelen med å vera vivipar er at ein får fram velutvikla organismar som har større sjanse til å klara seg enn mindre utvikla. Ulempa er at mororganismen må bruka mykje av eigne krefter og næring for å utvikla dei.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vivipar