Oxford Street er ei av dei viktigaste handlegatene i London. Ho går frå Marble Arch ved nordvesthjørnet av Hyde Park, gjennom Oxford Circus og fram til St Giles Circus, i krysset med Charing Cross Road og Tottenham Court Road. Etter St Giles Circus fortset gata som New Oxford Street. På vestsida av Marble Arch heiter fortsetjinga av gata Bayswater Road. Heile gata er rundt 1,2 mile (1,9 km) og ligg i City of Westminster.[1] The road [1]

Oxford Street
veg
Land  Storbritannia
Kart
Oxford Street
51°30′55″N 0°08′31″W / 51.515277777778°N 0.14194444444444°W / 51.515277777778; -0.14194444444444
Wikimedia Commons: Oxford Street

Oxford Street er den travlaste handlegata i Europa, med rundt ein halv million vitjande dagleg. I 2012 hadde ho rundt 300 butikkar. Offisielt er vegen ein del av hovudvegen A40 mellom London og Fishguard i Wales, men han har ikkje A40-skilt, og trafikken er vanlegvis avgrensa til bussar og drosjar.

Gata var opphavleg ein del av romarvegen Via Trinobantina mellom Essex og Hampshire via London. I mellomalderen var han kjend som Tyburn Road, og var kjend for offentleg henging av fangar ved Tyburn Gallows. Han blei kjend som Oxford Road og s[ som Oxford Street på 1700-talet, og byrja etterkvart endra karakter frå bustadsområde til handel. Stormagasin byrja prega gata frå byrjinga av 1900-talet, med Selfridges (som opna i 1909) som den mest merkbare. Under andre verdskrigen blei gata hardt bomba, og fleire bygningar, som John Lewis & Partners, blei totaløydelagde og måtte byggjast opp att frå grunnen.

Verna bygningar endre

Oxford Street har fleire bygningar verna som Grade II. Fasaden til Oxford Circus undergrunsstasjon er også verna.[2][3]

Nummer Grad År verna Skildring
6 II* 1987 Puben The Flying Horse[4]
14–16 II 2009[5] Tidlegare Lyons Corner House, bygd 1926–1927 etter design av F. J. Wills.
34–36 II 1987 Bygd i 1912[6]
35 II 2009 Bygd for Richards & Co. gullsmedforretning i 1909[7]
54–62 II 1987[8] Evelyn House, utforma av H. Percy Adams og Charles Holden (1909).
105–109 II 1986 Bygd ca. 1887 for hattemakaren Henry Heath[9]
133–135 II 2009 Pembroke House, bygd 1911[10]
147 II 2009 Bygd i 1897 for apotekaren John Robbins.[11]
156–162 II* 1975 Bygd 1906–08 for Mappin & Webb; eit tidleg døme på ein struktur med stålramme.[12]
164–182 II 1973[13] United Kingdom House, det tidlegare stormagasinet Waring & Gillow
173 II 2009 Pantheon, no Marks and Spencer[14]
214–234 II 1973[15] Den tidlegare Peter Robinson-bygningen ved Oxford Circus
219 II 2001[16] Bygd 1951-52 og pynta med relieff som feirar Festival of Britain
313 II 1975 Bygd c. 1870–1880[17]
360–366 II 1987[18] Bygd 1919–1921 for Lilley & Skinner
368–370 II 2008 Tidleg 1900-talskonstruksjon med fasade frå 1930-talet[19]
400 II* 1970[20] Selfridges, bygd i etappar frå 1906 til 1928.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 A40, London W1D UK to 537 Oxford St, London W1C 2QP, UK (Map). Google Maps. Arkivert frå originalen 18. november 2018. Henta 8. juli 2015. 
  2. «Listed Buildings in Westminster, Greater London, England». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 27. juni 2015. Henta 8. juli 2015. 
  3. «Listed buildings». Westminster City Council. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 8 July 2015. 
  4. Historic England. «The Tottenham public house (1357394)». National Heritage List for England. Henta 19. april 2014. 
  5. «Former Oxford Corner House». Historic England. Arkivert frå originalen 22. februar 2023. Henta 21. februar 2023. 
  6. «34 and 36, Oxford Street W1, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 10. juli 2015. Henta 9. juli 2015. 
  7. «35, Oxford Street, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 10. juli 2015. Henta 9. juli 2015. 
  8. «Evelyn House». Historic England. Arkivert frå originalen 22. februar 2023. Henta 21. februar 2023. 
  9. «105–109, Oxford Street W1». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 8. juli 2015. 
  10. «133–135, Oxford Street, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 8. juli 2015. 
  11. «147, Oxford Street, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 8. juli 2015. 
  12. «156–162, Oxford Street W1, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 8. juli 2015. 
  13. «164–182, Oxford Street W1, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 8 July 2015. 
  14. «The Pantheon (Marks and Spencers), Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 11. juli 2015. Henta 10. juli 2015. 
  15. «Peter Robinson». Historic England. Arkivert frå originalen 22. februar 2023. Henta 21. februar 2023. 
  16. «219, Oxford Street, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 10. juli 2015. Henta 9. juli 2015. 
  17. «313, Oxford Street, W1 – Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 10. juli 2015. Henta 9. juli 2015. 
  18. «360–366, Oxford Street W1, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 10. juli 2015. Henta 9. juli 2015. 
  19. «368–370, Oxford Street, Westminster». British Listed Buildings. Arkivert frå originalen 10. juli 2015. Henta 9. juli 2015. 
  20. «Selfridges». Historic England. Arkivert frå originalen 22. februar 2023. Henta 21. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Oxford Street