Opna hovudmenyen

Pär Lagerkvist (23. mai 189111. juli 1974) var ein svensk forfattar. Lagerkvist var medlem av Svenska Akademien frå 1940. I 1951 vart Lagerkvist tildelt nobelprisen i litteratur. I svensk samanheng vert Lagerkvist rekna som ein fornyar innanfor alle litterære sjangre. Lagerkvist var fødd og voks opp i Smålandsbyen Växjö, kor far hans arbeidde ved jarnbanen. Kristeleg pietisme prega oppveksten i barndomsheimen. Spørsmål om tru og tvil blei viktige tema i Lagerkvist sitt forfattarskap.

Pär Lagerkvist
Lagerkvist.jpg
Fødd 23. mai 1891
Växjö
Død

11. juli 1974
Danderyd

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, essayist, manusforfattar, sjølvbiograf
Born Bengt Lagerkvist, Ulf Lagerkvist
Pär Lagerkvist på Commons

VerkEndra

Pär Lagerkvist debuterte i 1912 med novella Människor. Temaet var det sekulariserte meneskje sin angst over å leve i ei verd utan Gud. Det eksistensielle spørsmålet kjem attende i fleire av tekstane til Lagerkvist: til dømes i titteldiktet frå samlinga Ångest (1916) og i dei to romanane Barabbas og Sibyllan. Handlinga i romanane Bödeln og Dvärgen er lagd til historiske miljø, den første til mellomalderen, den andre til renessansen.

VerklisteEndra

  • Människor (1912)
  • Ordkonst och bildkonst (1913)
  • Två sagor om livet (1913)
  • Motiv (1914)
  • Järn och människor (1915)
  • Ångest (1916)
  • Sista människan (1917)
  • Teater (1918)
  • Himlens hemlighet (1919) (pjäs)
  • Kaos (1919)
  • Det eviga leendet (1920)
  • Den lyckliges väg (1921)
  • Den osynlige (1923)
  • Onda sagor (1924)
  • Gäst hos verkligheten (1925)
  • Hjärtats sånger (1926)
  • Det besegrade livet (1927)
  • Han som fick leva om sitt liv (1928)
  • Kämpande ande (1930)
  • Konungen (1932)
  • Vid lägereld (1932)
  • Bödeln (1933)
  • Den knutna näven (1934)
  • I den tiden (1935)
  • Människan utan själ (1936)
  • Genius (1937)
  • Seger i mörker (1939)
  • Den befriade människan (1939)
  • Sång och strid (1940)
  • Dvärgen (1944)
  • Låt människan leva (1950)
  • Barabbas (1950) (svensk film laga i 1953, amerikansk film laga i 1962)
  • Aftonland (1953)
  • Sibyllan (1956)
  • Ahasverus död (1960)
  • Pilgrim på havet (1962)
  • Det heliga landet (1964)
  • Mariamne (1967)
  • «En hjältes död» (novelle)