På Ål stasjon
Han hadde krullut hår og dubbeltspent frakk.
Arne Moslåtten
|
«Neger på Ål Stasjon» er ein slagersuksess frå det norske bandet Hellbillies. Teksten er skriven av Arne Moslåtten og songen kom ut i 1996.
Songen skildrar ein bygdegut frå Hallingdal sitt barndomsminne då han for fyrste gong fekk sjå ein person med annleis hudfarge på den lokale jarnbanestasjonen på Ål i Hallingdal. Songteksten tek lyarane med inn i undringa som eg-personen kjenner i samband med dette møtet.