Pål Farstad
Pål Farstad (fødd 1. april 1959) er ein norsk politikar for Venstre, fødd og oppvaksen i Ålesund. Han er stortingsrepresentant for Møre og Romsdal sidan 2013. Farstad har vore busett i Kristiansund sidan 1990-talet.
Pål Farstad | |||
| |||
Fødd | 1. april 1959 (65 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Frå fyrste halvpart av 1990-åra var Farstad dagleg leiar av Nordmøre Fiskarlag, ei stilling han hadde til laget, kring 2006?, gjekk inn i det nyskipa Møre og Romsdal Fiskarlag. Sidan var han leiar for KOM Vekst; næringsforeininga for Kristiansund og omegn. Deretter arbeidde han i firmaet Triangel AS, med heile Møre og Romsdal som arbeidsfelt.
Farstad er sidan 2011 medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal og av bystyret i Kristiansund. I bystyret har han vore leiar av næringsutvalet. På nominasjonsmøtet til Møre og Romsdal Venstre i november 2012 fekk han fyrsteplassen på vallista til Stortinget. Han kom inn på Stortinget som niandemann frå fylket, utjamningsmandatet.
Kjelder
endre- Farstad, Pål (1959-) ved stortinget.no