Påskeprosesjon er ein kyrkjeleg prosesjon som finn stad i samband med påskehøgtida. Slike prosesjonar finn gjerne stad under den stille veka innan katolske og ortodokse tradisjonar.

Påskeprosesjon i Salamanca i Spania.
Påskeprosesjon på Korfu i Hellas.

Det er vanleg å halda påskeprosesjon på langfredag i ei rekkje katolske land, som Italia, Portugal, Spania, Malta, Filippinane og i Latin-Amerika.

Ofte blir det halde krossvegsandakt. I prosesjonane kan ein ha med bilde eller skulpturar som minner om lidingssoga. Desse kan anten berast av deltakarar eller førast på utsmykka vogner.

Prosesjonane blir ofte haldne av religiøse brorskap eller historiske laug.

I nokre katolske område blir det halde påskeprosesjonar gjennom heile den stille veka. I Sevilla, til dømes, går ulike brorskap i sakte prosesjon frå heimkyrkjene sine til domkyrkja i byen og tilbake. Dei fører med seg religiøse figurar og kan vera kledde i særskilde klede som dekker til heile kroppen, inkludert spisse hattar kalla capirote. Trommer følgjer den langsame, svaiande framfarten deira. Brorskapa kan ha røter tilbake til 1500-talet, [1]

I gresk ortodoks kristendom blir påskeprosesjonar gjerne haldne på langfredagen. Dette er krossprosesjonar der ein fører eit ikon frå kyrkja, gjennom det lokale området og tilbake til kyrkja att. Ikonet er kjend som epitafios, og syner den daude kroppen til Kristus.[2][3]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Fiona Flores Watson (18. mars 2014). «Semana Santa 2014: details and guide». 
  2. A. Makris (18. april 2011). «Profile of Greek Easter & Holy Week». GreekReporter.com. 
  3. Kelsey Edwards (2015). «Πάσχα - Greek Orthodox Easter in Hydra Island, Greece». HydraDirect.