Krossprosesjon
Krossprosesjon er ei kristen handling der ein kross blir boren fremst i eit høgtideleg opptog. Dette kan gjerast som start på ei gudsteneste eller som ein del av han, og kan finna stad inni ei kyrkje eller utandørs. Ofte blir det brukt særskilde prosesjonskrossar som er lette å bera og vil vera synlege for folkemengda, i krossprosesjonar.
Katolske krossprosesjonar
endreI den katolske kyrkja byrjar ein messer ved ein prosesjon leia av ein krossberar med ein kross. Det finst også rituale for krossprosesjonar utandørs, som relikvieprosesjonar, helgenprosesjonar og prosesjonar mot tørke, uvêr og ulukker.
Ortodokse krossprosesjonar
endreLengre krossprosesjonar er særleg utbreidde i den ortodokse kyrkja. Dei føregår ved at ein kyrkjelyd følgjer ein kross og andre symbol, som lykter og ikon, borne av geistlege. Prosesjonane kan gå frå ei kyrkje til ein særskild stad, eller rundt ei kyrkje tre gonger. Krossprosesjonar finn stad ved kyrkjehøgtider, som den stille veka og helgenfestdagar, og gravferder.
Krossprosesjonar (russisk Крестный ход, Krestnyj khod) er eit viktig motiv i russisk kunst, og er mellom anna kjend frå eit måleri av Ilja Repin.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Ilya Repin's Krestny Khod (Religious Procession) in Kursk Gubernia Arkivert 2013-06-25 ved Wayback Machine., smarthistory.khanacademy.org
- Processions, Catholic Encyclopedia
- The Cross and Crucifix in Liturgy, Catholic Encyclopedia
- Ministry of Cross Bearers Arkivert 2013-06-30 ved Wayback Machine., stbernardine.org
- ALTAR SERVER GUIDE, thesacredheart.com
- Denne artikkelen bygger på «Crucession» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Korsprosesjon i Ukraina til minne om 1700-årsjubileet for ediktet i Milano Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., ortodoksmoss.com