Trípoli i Hellas

Denne artikkelen handlar om byen i Hellas. For andre byar, sjå Tripoli (fleirtyding).
Trípoli
Lokalt namn Τρίπολη

Katedralen i Trípoli
Geografi
Stad Peloponnes
Koordinatar 37°31′N 22°23′E / 37.517°N 22.383°E / 37.517; 22.383
Areal 1 481,0 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Peloponnes
Arkadía
Hovudsete Trípoli (30 383 innb.)
Demografi
Folketal 44 165 (2021[1])
Folketettleik 29,8 /km²

Trípoli (gresk Τρίπολη, eldre form og på latinsk Tripolis, og stundom Tripolitsa, Tripolitza og Tripolizza) er ein by på Peloponnes i Hellas. Trípoli er ein kommune i periferieininga Arkadía i periferien Peloponnes og er hovudstad både i periferieininga og i periferien Peloponnes. Byen er den største i periferieininga og ein av få stader i Arkadía som veks.

Avstanden frå Pýrgos er om lag 145 km aust, han ligg 125 km aust for Olympia, 144 km søraust for Pátra og søraust for Kalávryta, 78 km sørvest for Korint og om lag 148 km sørvest for Aten. I tillegg ligg han vest for Árgos og Návplio, nordvest for Leonídio, nord for Spárti, nordaust for Kalamáta, 33 km nordaust for Megalópoli og nordaust for Kyparissía, aust for Stemnítsa og søraust for Dimitsána. I dag er Trípoli sete for det nye Peloponnes universitet.

Administrativ inndeling endre

 
Den tidlegare kommunen Trípoli, no kommunaleininga Trípoli

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 44 165 innbyggjarar, medan kommunaleininga Trípoli hadde 33 026 og tettstaden med same namn 30 383 innbyggjarar.[1]

Historie endre

I mellomalderen vart staden kalla Drobolitsa, Droboltsá eller Dorboglitza, som kanskje kjem frå det greske Hydropolitsa, «Vassbyen» eller kanskje det sørslaviske ordet som tyder «slette med eiketre».[3]

Den moderne Trípoli vart grunnlagd i 1770 nær ruinane av dei antikke byane Pallantron, Tegea og Mantinea, derfor namnet Τρίπολης = τρεις πόλεις, som tyder «tre byar». Før den greske sjølvstendekrigen hadde han ein muslimsk og jødisk folkesetnad og var det sentrum for den osmanske okkupasjonen av Hellas.

Under den greske sjølvstendekrigen vart Trípoli den første store byen som vart teken av grekarane. Theodoros Kolokotronis tok byen 17. oktober 1821.[4] Den muslimske folkesetnaden, som bestod av tyrkarar og albanarar, vart massakrert, kanskje så mykje som 30 000 menneske.[5]Ibrahim Pasha gjenerobra byen 22. juni 1825 massakrerte han til gjengjeld den kristne folkesetnaden og brende ned byen.[6]

Etter at han vart erobra på ny av grekarane i 1829 vart Trípoli eit stort senter i det sjølvstendige Hellas.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[7] Folketal 2021[1]
Trípoli Trípoli 30 866 30 383
Levídi Levídi 1 025 920
Ájos Konstandínos Trípoli 719 728
Kandíla Levídi 690 541
Vlakhérna Levídi 372 481

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
  2. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  3. Transactions of the Philological Society 1934, s. 19-20
  4. Nevill Forbes, et. al., The Balkans full utgåve
  5. Bouboulina Museum, arkivert frå originalen 13. august 2011, henta 19. september 2007 
  6. La Grande Encyclopédie, s.v. Tripolis
  7. Folketeljing 2011, revidert

Bakgrunnsstoff endre