Paal Nilssen-Love
norsk musikar
Paal Nilssen-Love (fødd 24. desember 1974) er ein norsk batterist og perkusjonist fødd i Molde i Noreg.
Paal Nilssen-Love | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. desember 1974 (49 år) Molde kommune |
Yrke | komponist, jazztrommis |
Medlem av | Ballister, Lean Left, The Thing, Boneshaker, Scorch Trio |
Nettstad | http://www.paalnilssen-love.com |
Paal Nilssen-Love på Commons |
Nilssen-Love voks opp i Stavanger, men studerte musikk ved jazzlinja ved Universitetet i Trondheim frå 1994. Her blei gruppa Element med Gisle Johansen (saksofon), Håvard Wiik (piano) og Ingebrigt Håker Flaten (kontrabass) danna. Denne gruppa var inspirert av John Coltrane sin kvartetts energi og modale spelestil.
I 1996 flytta Paal Nilssen-Love til Oslo. Sidan 1999 har han spelt trommer i jazzgruppa Atomic.
Våren 2001 gav han ut si første soloplate, Sticks and Stones. Same året spelte han med Pat Metheny og Arild Andersen på Moldejazz.
Han fekk Buddyprisen for 2006.[1]