Pakistansk Kashmir
Pakistansk Kashmir er den delen av Kashmir som de facto blir styrt av Pakistan. Området er inndelt i to territorium: Asad Jammu og Kashmir, eller berre Asad Kashmir, i sør og Gilgit-Baltistan i nord. Området har grense til Afghanistan i nordvest, Kina i nord og indisk Kashmir i sør. I vest har han delstatsgrense til Panjab og Den nordvestlege grenseprovinsen.
Pakistan tok kontroll over vestre Kashmir i 1947, under Den første kasjmirkrigen. India omtaler området som Pakistan-okkupert Kashmir (PoK). Landet avstod det nordlege aude landskapet Shaksgam til Kina i 1963, og delte deretter sin del av Kashmir i dei to noverande territoria.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pakistan-administered Kashmir» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2010.