Palaeoptera
Palaeoptera | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Underklasse: | Pterogyta | |
Infraklasse: | Palaeoptera | |
Vitskapleg namn | ||
Palaeoptera |
Palaeoptera er ei samlekjenning for flygande insekt som ikkje er i stand til å falda vengjene sine over bakkroppen. Gruppa omfattar to gjenlevande ordenar; døgnfluger og augestikkarar, i tillegg til minst 8 utdøydde undergrupper. Dei har membranøse vengjer med mange årer, og kontrollerer dei med musklar som er direkte festa til vengjerøtene og i buken. I tillegg er dei hemimetabole og har som vaksne reduserte antenner.
Sidan dei andre flygande insekta, i gruppa Neoptera, mest sannsynleg stammar frå utdøydde Palaeoptera-insekt, reknast gruppa som parafyletisk. Viss ein berre tek omsyn til nolevande grupper, viser både molekylære og morfologiske data at augestikkarane og døgnflugene er nærare i slekt med kvarandre enn med Neoptera[1].
KjelderEndra
- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer 2002
- Engelsk wikipedia