Palanderbukta
Palanderbukta er ein fjordarm på sørsida av Wahlenbergfjorden på Nordaustlandet på Svalbard. Fjorden strekkjer seg om lag 22 km søraustover i Gustav Adolf Land.
Fjorden ligg på austsida av Scaniahalvøya og har innløp ved Zeipelodden. Isbreen Glitnefonna ligg på vestsida av fjorden, medan Vegafonna ligg langs den inste delen. Vegafonna er ein del av Austfonna.