Austfonna
Austfonna er ei iskappe på Nordaustlandet på Svalbard. Med sine 8 102 km² (8 492 km² om ein tek med Vegavonna[1]) er ho arealmessig den største breen i Europa og den åttande største i verda.[2] Breen har eit volum på 1 900 km³ (utanom Vegafonna) som er det nest største i Europa etter Vatnajökull i Island (om ein ser bort frå den større iskappa Severny på Novaja Zemlja i Russland, som ligg heilt nordaust i Europa) og den sjuande største i verda.[3]
Austfonna | |||
isbre | |||
Sørleg/vestleg utløp mot Hinlopen-stredet
| |||
Land | Svalbard | ||
---|---|---|---|
Område | Nordaustlandet | ||
Type | Iskalott | ||
Areal | 8 492 km² | ||
Tjukn | 560 m | ||
Toppunkt | 783 moh. | ||
Koordinatar | 79°45′N 24°30′E / 79.750°N 24.500°E | ||
Austfonna 79°47′00″N 24°39′48″E / 79.783333333333°N 24.663333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Austfonna |
Austfonna har ein tjukkleik på opp til 560 meter (235 meter i snitt) og ein omkrins på 200 km. Det høgaste punktet på breen er 783 meter over havet.
Den sørlege tredjedelen av Austfonna vert stundom kalla Sørfonna, som er ei separat iskappe skild frå Austfonna av eit isfylt søkk.[4]
Vegafonna i sørvest heng òg saman med Austfonna, særleg Sørfonna. Ericadalen går mellom dei to breane. Både Sørfonna og Vegafonna dannar eigne kuplar. Like vest for Vegafonna ligg iskappa Glitne, som vert rekna som ein del av Vegafonna.
Vestfonna nordvest på Nordaustlandet er ei heilt eiga iskappe og den tredje største på Svalbard og i Noreg.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Austfonna» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Statistisk årbok 2007: Geografisk oversikt
- ↑ [1]
- ↑ 01. Maantieteellisiä tietoja aihepiireittäin (Geographical data by theme), arkivert frå originalen 2. september 2009, henta 2. september 2009
- ↑ Artikkel frå 1956