Pancetta
Pancetta er ei nemning for ein italiensk måte å konservera svinemage på. Det feite kjøtet i svinemagen blir krydra med ulike krydder, til dømes muskatnøtt, pepar, fennikelfrø, chilipepar og kvitlauk, og så tørka i tre månadar. Pancettaen er sjeldan røykt. Ofte blir kjøttstykket rulla saman, men det kan òg vera flatt. Denne italienske bacon-liknande ingrediensen vert gjerne brukt i pastaretter, på linje med guanciale, speka svinekjaker.