Pancho Claus
Pancho Claus er ein mexicansk versjon av julenissen eller Santa Claus som er populær i delar av USA, særleg i Texas.[1] Pancho Claus blir nokre gonger kalla ein Tex-Mex-versjon av nissen.[1][2] Han voks ut frå rørsla for borgarrettar for Hispanics (latinamerikansk-ætta amerikanarar) på 1970-talet.[1] Pancho Claus-tradisjonen har eit sterkt veldedig element, med gåvegjeving og hendingar for vanskelegstilte ungar.
Historie
endreLorenzo Cano, akademikar innan mexicansk-amerikanske studiar ved University of Houston, meiner at ideen om Pancho Claus fyrst oppstod "north for grensa", altså i USA,[1] og voks fram frå eit ønskje blant mexicansk-amerikanarar om å skapa rom i samfunnet ("build a place and a space for themselves")[1] på 1970-talet. Dette fall saman med ei aukande interesse i andre tilstellingar som løfta opp hispanic-kulturen, som Cinco de Mayo og den meksikanske sjølvstendedagen.[1]
Ifølgje soga kjem Pancho Claus frå Sørpolen, ikkje frå Nordpolen som Santa Claus,[1] og han blir tidvis omtalt som den sørlege fetteren til Santa.[2] Pancho Claus skil seg frå Santa Claus gjennom utsjånad og utstyr. Han har typisk på seg klede knytte til hispanic-kultur, som sombrero og poncho eller serape, og har ofte svart eller svart og kvitt skjegg i staden for det typiske kvite skjegget til Santa.[1] I staden for ei slede dregen av reinsdyr blir Pancho tidvis synt fram med ei vogn dregen av esel, eller burros.[1] I Vest-Texas blir Pancho Claus også av og til kalla Pancho Clos, slik at han er endå fjernare frå Santa Claus.[1]
Kjende Pancho-utøvarar
endrePancho Claus-figuren er sterkt knytt til velgjering for vanskelegstilte barn. Lubbock i Texas har ein tradisjon som byrja i 1971 med at Pancho vitjar skular, kyrkjer og matbutikkar, med ein stor fest i Roger's Park sundagen før jul som hovudhending, der mat og gåver blir delte ut til barn. Julian Perez har hatt rolla som Pancho i Lubbock i over 30 år. I San Antonio blir figuren spelt av Rudy Martinez, som vitjar skular og kyrkjer og deler ut kalkun og tilbehøyr til 50 vanskelegstilte familiar.[1]
Richard Reyes er ein kjend Pancho-spelar som har hatt rolla i Houston sidan 1981. Reyes har eit utypisk kostyme med raud zoot suit og fedora. Han har samla inn opptil 40 000 dollar årleg frå forretningsgjevarar til sine tilstellingar.[1] Reyes og hans «hær»[2] av frivillige held eit selskap på julaftan party for dei mest vanskelegstilet barna i byen, der alle får eit måltid og sju gåver.[3] På juledagen held Reyes og støttespelarane hans eit opptog med lowrider-bilar, med Reyes i ein av dei som deler ut gåver til ungar. Ein reknar med at Reyes deler ut runet 10 000 gåver kvart år i rolla som Pancho Claus.[2][3]
Kjelder
endre- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 «Pancho Claus: A Tex-Mex Santa from the South Pole». USA Today. Dec 23, 2013. Arkivert frå originalen December 22, 2016. Henta Dec 23, 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Wrigley, Deborah (Nov 23, 2018). «'Pancho Claus' keeps tradition alive despite health scares». abc13. Arkivert frå originalen November 23, 2018. Henta Dec 23, 2018.
- ↑ 3,0 3,1 Godie, Mary (Dec 12, 2018). «Pancho Claus brings the magic of Christmas and giving to children in Houston». abc news. Arkivert frå originalen December 19, 2018. Henta Dec 23, 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Pancho Claus» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2021.