Pandeiro (portugisisk uttale pɐ̃ˈdejɾu) er ein type handhalden rammetromme som er utbreidd i Brasil og i brasiliansk musikk.

Pandeiro
Pandeiro.jpg
Klassifiseringhandtromme
Hornbostel-Sachs klassifisering211.311+112.122
Liknande instrument

Trommeskinnet kan stemmast. Langs kantane heng metallskiver (platinelas) som på ein tamburin, men runda slik at dei gjev ein sprøare, meir kortvarig lyd enn dei på tamburinen.

For å spela pandeiro held ein tromma i ei hand og slår på skinnet med den andre. For å variera lyden kan ein bruka tommel, fingeerspisser, handbak og handflata til å slå med. Ein kan også rista tromma for å laga lyd, eller dra ein finger over skinnet for å laga ein trommekvervel.

Pandeiro blir brukt innan fleire ulike brasilianske musikkstilar som samba, choro, coco og som akkompagnement til capoeira.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra