Pangnirtung
Pangnirtung (eller Pang, òg Pangniqtuuq, kanadisk stavingsskrift ᐸᖕᓂᖅᑑᖅ) er ein by i Qikiqtaaluk-regionen i det canadiske territoriet Nunavut. Han ligg på Baffinøya ved Pangnirtung Fjord, ein djup fjord som munnar ut i Cumberland Sound. I 2016 hadde Pangnirtung 1 481 innbyggarar. [2] Han hadde ei flatevidd på 7,54 km². Kring 9 prosent av innbyggjarane på Baffinøya bur i Pangnirtung.
Pangnirtung | |||
by | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Region | Nunavut | ||
Fylke | Qikiqtaaluk | ||
Areal | 7,77 km² | ||
Folketal | 1 425 (2011)[1] | ||
Pangnirtung 66°08′52″N 65°41′58″W / 66.1478°N 65.6994°W | |||
Wikimedia Commons: Pangnirtung |
Blåkveitefiske er ein viktig lokal næringsveg. I 2008 løyva dei føderale styresmaktene pengar til å byggja ei hamn her.[3] Pangnirtung Fisheries Limited driv ein fabrikk for å handsama og pakka kveitefangsten.[4] Verksemda blei skipa i 1992, og har no over 40 tilsette i høgsesongen om sommaren.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pangnirtung» frå Wikipedia på svensk og «Pangnirtung» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2022.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Census Profile». Statistics Canada.
- ↑ «Statistics Canada: 2016 Census Profile». Focus on Geography Series, 2016 Census (på engelsk). Statistics Canada. Henta 8. april 2020.
- ↑ «Nunavut Ministers Lobby for Federal Fishery Support». Dollars and Sense: Northern Business and Economy (thesourdough.com). 3. juni 2008. Arkivert frå originalen 14. februar 2009. Henta 21. august 2008.
- ↑ Pang fish plant languishes with anglers in short supply
- ↑ Thieves steal thousands of dollars from Pangnirtung fish plant