Baffinøya

Baffinøya er ei av dei arktiske øyane i det nordlege Canada i territoriet Nunavut. Ho er den største øya i Canada, og den femte største øya i verda, med eit areal på 507 451 km². Ho er dermed litt større enn Spania. Øya har ein folkesetnad på 11 000 (2004).

Baffinøya
øy
Wfm baffin island.jpg
Land Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet

Baffinøya
69° N 72° W
Plasseringa av Baffinøya i Canada
Plasseringa av Baffinøya i Canada
Wikimedia Commons: Baffin Island
Baffinøya

Baffinøya er kalla opp etter den engelske oppdagaren William Baffin. Inuktitutnamnet hennar er Qikiqtaaluk,[1] som tyder 'veldig stor øy' (qikiqtaq, 'øy' og -aluk, 'veldig stor'), skrive ᕿᑭᖅᑖᓗᒃ med inuktitutskrift. Vikingane kalla øya for Helluland etter at ho vart oppdaga av Leiv Eriksson.

GeografiEndra

Øya er dekt av fjell og den høgaste toppen er Mount Blanche på 2 146 meter over havet. Ein annan og særprega fjelltopp er Mount Asgard på 2 011 moh. Iqaluit, som fram til 1987 heitte Frobisher Bay, er hovudstaden i Nunavut og ligg på sørkysten av øya.

Sør for øya ligg Hudsonsundet og Quebec på fastlandet. I aust ligg Davissundet og Baffinbukta og bortanfor der igjen ligg Grønland. I vest og i nord, Foxesjøen, Boothiabukta og Lancastersundet som skil Baffinøya frå resten av øyriket.

TettstaderEndra

Største tettstader (2001):

  1. Iqaluit (5 236)
  2. Pangnirtung (1 243)
  3. Pond Inlet (1 220)
  4. Clyde River (785)
  5. Arctic Bay (646)
  6. Kimmirut (433)

KjelderEndra