For steikemetoden, sjå en papillote.

Papiljott (frå fransk papillote, av papillon, 'sommarfugl') er ein rull av papir, skinn, gummi, plast eller metall som ein kan rulla hårlokkar omkring for å gjera det krøllete. Ordet kan også visa til krøller laga på dette viset.

Moderne papiljottar av ulike typar.

Papiljottering tek lang tid i høve til krølltong, men er meir skånsamt for håret.[1] Det kan også gje meir fylde enn anna type krølling.[2]

Ein kan bruka papiljottar over natta eller gjennom dagen før ein tek dei ut. Det kan vera stor skilnad på om det er akseptabelt å visa seg ute med papiljottar i håret eller ikkje.[2]

Kjelder endre

  1. Papiljotter i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1914)
  2. 2,0 2,1 Susan Lee, «Fashion: Hair curls for Liverpool girls». Liverpool Echo, 4 March 2009.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Papiljott