Papper er ei øygruppe som ligg nordvest i Hvaler kommune. Papper strekkjer seg frå Utgårdkilen til Vauerkilen. Papper er delt inn i tre:

Papper
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°06′42″N 10°51′20″E / 59.11167°N 10.85556°E / 59.11167; 10.85556
Øygruppe Hvaler

Areal 2,0 km²

Høgaste punkt Pappertoppen (44 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Østfold

Papperhavn ligg i enden mot Utgårdkilen.

Papper, òg kalla «Bukta» ligg i midten blant Papperøyane. Her er det ein liten marina med høve for å kjøpe bensin og småvarer. Vegg til vegg med marinaen ligg Bukta Handel, som er ein liten lokalbutikk. Rett ved sida av marinaen ligg det ein restaurant/pub.

«Fredagshølet» ligg i utkanten av Papperøyane. Dette er ein stad der båtfolk kan finne le for natta. Her kan båten ligge lunt og samtidig er det kort veg til marinaen i Papper.

Vest for Papper ligg Søsterøyene. Det er ei grotte på Nordre Søster som det går an å symje inn i for så å ende opp på toppen av øya.

Bakgrunnsstoff

endre