Papuaspråk
Papuaspråk er ei gruppe språk som blir brukt på øyar vest i Oseania, frå Molukkane og Timor i vest til Salomonøyane i aust. Gruppa omfattar rundt 1 200 språk, der dei fleste blir tala på Ny-Guinea. Gruppa omfattar språk som ikkje kan knytast til austronesiske eller australske språk. Dei er svært ulike, og kan delast inn i rundt 60 mindre språkfamiliar og fleire isolerte språk. Dei ulike språka kan ha alt frå nokre hundre til fleire tusen talarar.
Papuaspråk | ||
Tala i: | Indonesia og Papua Ny-Guinea | |
Område: | Ny-Guinea | |
|
Skiljet mellom papuaspråk og -folk til forskjell frå melanesiske blei først føreslått av forskaren Sidney Herbert Ray i 1892.
Wurm-klassifisering
endreDen mest utbreidde klassifiseringa av papuaspråka er utforma av Stephen Wurm. Mykje av klassifiseringa byggjer på ufullstendige data.
Klassifiseringa inneheld desse grupperingane, med omtrentleg tal språk i kvar:
- Amto–musanspråk (2)
- Burmeso (isolert språk)
- busa (isolert)
- East Bird's Head-språk (3)
- Austpapuaspråk (36)
- Geelvink Bay-språk (12)
- Yuri (isolert språk)
- Porome (isolert språk)
- Kwomtari–baibaispråk (6)
- Left May-språk (7)
- Sepik–ramuspråk (104)
- Skospråk (7)
- Torricellispråk (48)
- Trans-ny-guinea-språk (598)
- Vestpapuaspråk (26)
- Yalë (isolert)
To av dei isolerte språka er seinare blitt plasserte saman som
og tre nyoppdaga språk har blitt klassifisert som
- Abinomn (isolert språk)
- Bayono–awbonospråk (2).
Ross-klassifisering
endreMalcolm Ross bygde vidare på Wurm si klassifisering med vekt på pronomenlikskapar. Dette gav 23 språkfamiliar og 9-13 uklassifiserte eller isolerte språk. Nokre språk mangla data til å klassifiserast etter Ross sitt system.
- Trans-ny-guineaspråk (466–493 språk)
- ? Utvida vestpapuaspråk (tentativ)
- Vestpapuaspråk (27)
- East Bird's Head–Sentanispråk (9)
- Yawa (1–2)
- Mairasispråk (4)
- East Cenderawasih (Geelvink Bay) språk (10)
- Lakes Plain-språk (19; øvre Mamberamo)
- Tor–kwerbaspråk (17)
- Nimboranspråk (5)
- Skouspråk (8)
- Grensespråk (15)
- Left May–Kwomtarispråk (13) (problematisk)
- Left May (7)
- Fasspråk (2)
- ? Kwomtarispråk (3)
- Senagispråk (2)
- Torricellispråk (40–50)
- Sepikspråk (51)
- Ramu–Lower Sepikspråk (40)
- Yuatspråk (5)
- Piawispråk (2) (kanskje i ramu)
- Sør-sentale papuaspråk (22)
- Eastern Trans-Fly-språk (4; eitt i Australia)
- ? Yele–West New Britain-språk (tentativ)
- Bainingspråk (8)
- Nord-Bougainville-språk (4)
- Sør-Bougainville-språk (9)
- Sentrale Solomons-språk (4)
Isolerte språk
endreSortert etter stad:
nord i Papuaprovinsen:
- Karkar (Yuri) – seinare synt å vera eit pauwasispråk
- Busa
- Yalë (Nagatman)
Sepik-elva:
- Taiap (gapun), på ein stad som hadde vore ei kystøy rundt 4000 f.Kr.
- Sulka, på New Britain
- Kol, på New Britain
- Kuot (panaras), på New Ireland
Andre
endreTidlegare isolerte språk klassifisert av Ross:
- Burmeso (taurap), i East Bird's Head–Sentani-språk
- Porome (kibiri), i kiwaifamilien av trans-ny-guinea-språk
- Morwap (elseng), i grensespråk
Språk klassifisert som austronesiske:
- Lower Mamberamo
- Kazukuru (2007)
- Reef Islands–Santa Cruz-språk (2007)
Uklassifisert på grunn av manglande data:
- Amto–musanspråk (2)
- Kenati (isolert)
- Komyandaret (isolert)
- Maramba
- Massep (isolert)
- Molof (isolert)
- Momunaspråk: Momina, momuna (somahai)
- Samarokena
- Saponi
- Tause
- Tofamna (isolert)
- Usku (isolert)
Usher (2018)
endreTimothy Usher hadde identifisert følgjande familiar i 2018:[1]
- Abinomn
- Arai og Samaia Rivers (slår saman Left May, Amto–Musan og Pyu)
- Bulaka River
- Cenderawasih Bay (=East Geelvink Bay)
- East Trans-Fly (slår saman East Trans-Fly, Pahoturi og Waia)
- Enga – Southern Highlands
- Etna Bay (=mairasi)
- Kaki Ae – Kerema Bay (=eleman)
- Karami
- Kibiri-porome
- Kiwai
- Lakes Plains
- Lower Sepik River
- Madang
- Middle Yuat River
- Morehead River (=yam)
- Nawa River (=kaure–kosare)
- Nord-Ny-Guinea (slår saman fas, sentani, border, sko og tor–kwerba–nimboran-språk)
- Oro–Wharton Range (slår saman binanderean og goilalan)
- Papuan Gulf (slår saman Kutubuan, Turama–Kikorian, East Strickland, Doso–Turumsa, Gogodala–Suki og Teberan–Wiru–Pawaia)
- Pauwasi River (utvidar pauwasi med fleire nyleg oppdaga språk)
- Ramu og Keram Rivers (= Ramu)
- Senagi
- Senu River (unites Kwomtari, Nagatman and Busa)
- Sepik River
- Simbu–Western Highlands (=chimbu–wahgi)
- Torricelli Range–Sepik Coast (=torricelli)
- Trans–ny-guineaspråk
- Upper Yuat River (slår saman arafundi og piawi)
- Vestpapua
Tambora og austpapuaspråk er ikkje tekne med, bortsett frå at yele er blitt identifisert som eit austronesisk språk.
Kjelder
endre- ↑ Usher, Timothy. NewGuineaWorld[daud lenkje].
- «papuaspråk» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Papuan languages» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2013 og 10. februar 2019.