`

Sepikspråk
Klassifisering: Papuansk
Område: Ny-Guinea
Glottolog: sepi1257

Sepikspråka er ein språkfamilie beståande av rundt 50 papuaspråk som blir snakka i Sepik-elvedalen i det nordlege Papua Ny-Guinea. Familien vart etablert av Donald Laycock i 1965. Sepikspråka har ein enkel fonologisk struktur, med få konsonantar og vokalar, og som regel ingen tonar.

Det mest kjende sepikspråket er Iatmül. Språka med flest talarar er abelam og boiken, med omtrent 35 000 talarar kvar.

Sepikspråka har. tilliks med Ramu-språka attmed dei, trevokalsystem, /ɨ ə a/ som berre skil mellom tre ulike vokalhøgder. Fonetiske lydverdiar [i e o u] er resultat av palaltal og labial assimilering til konsonantar før eller etter. Foley 1986 har gjort framlegg om at ndu-språka er i ferd med å redusere dette til eit tovokalsystem, der /ɨ/ er redusert til å vere ein epenthetisk vokal (Foley 1986).

Klassifisering endre

Sepikspråka består av to av greinene i Laycocks framlegg til ein Sepik–Ramu-språkfamilie, nemleg sepikgreina og ei gruppe språk Leonhard Schultze har gjort framlegg om at skulle haldas saman.

I slektstreet nedanfor er dei små gruppene nederst i kvar grein heilt klårt gyldige. Dei høgare nodane (øvre sepik og mellomsepik, og Sepik Hills) er mindre sikre; Foley (2005) går t.d. berre inn for dei to siste greinene.

Sepikspråk  
Leonhard Schultze-språk 

Waliospråk



Papispråk



Øvre sepikspråk 


Abau



Iwamspråk



Yellow–Wanibe Rivers

Ramspråk



Yellow River-språk



Amal og Kalou




Midtre sepikspråk 


Tamaspråk



Nukumaspråk





Yerakai



Nduspråk




Sepik Hill-språk 

Sanio



Hewa–Paka: Niksek (Paka, Gabiano), Piame, Hewa



Bahinemospråk



Alamblakspråk




Pronomen endre

Ross rekonstruerer følgjande pronomen for proto-sepik:[1]

Kjelder endre

  1. Ross (2005)

Litteratur endre

  • Dye, Wayne; Patricia Townsend; William Townsend (1969). «The Sepik Hill languages: a preliminary report». Oceania 34: 146–156. ISSN 0029-8077. OCLC 1761006. 
  • Foley, William A. (1986). The Papuan Languages of New Guinea. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-28621-2. OCLC 13004531. 
  • Foley, William A. (2005). «Linguistic prehistory in the Sepik–Ramu basin». I Andrew Pawley; Robert Attenborough; Robin Hide; Jack Golson. Papuan pasts: cultural, linguistic and biological histories of Papuan-speaking peoples. Canberra: Pacific Linguistics. s. 109–144. ISBN 0-85883-562-2. OCLC 67292782. 
  • Laycock, Donald C. (1961). «The Sepik and its languages». Australian Territories 1 (4): 35–41. OCLC 2257996. 
  • Laycock, Donald C. (1965). The Ndu language family (Sepik District, New Guinea). Canberra: Australian National University. OCLC 810186. 
  • Laycock, Donald C. (1973). Sepik languages: checklist and preliminary classification. Canberra: Department of Linguistics, Research School of Pacific Studies, Australian National University. ISBN 978-0-85883-084-4. OCLC 5027628. 
  • Laycock, Donald C.; John Z'graggen (1975). «The Sepik–Ramu phylum». I Stephen A. Wurm. Papuan languages and the New Guinea linguistic scene: New Guinea area languages and language study 1. Canberra: Dept. of Linguistics, Research School of Pacific Studies, Australian National University. s. 731–763. OCLC 37096514.