Paradox av Neil Young

Paradox
Filmmusikkalbum av Neil Young og Promise of the Real
Utgjeve 23. mars 2018
Innspelt 2016
Sjanger Eksperimentell rock, instrumental rock
Lengd 53:00
Selskap Shakey Pictures Inc.
Neil Young og Promise of the Real-kronologi 
The Visitor
(2017)
Paradox Roxy: Tonight's the Night Live
(2018)


Paradox er eit filmmusikkalbum av Neil Young og Promise of the Real som kom ut 23. mars 2018 på Shakey Pictures Inc. Albumet var filmmusikken til Daryl Hannah-filmen Paradox i 2018, der Young og Promise of the Real deltek. Det er det tredje studioalbumet Young spelte inn med Promise of the Real.

Bakgrunn og innspeling endre

Dei instrumentale partia på albumet, kalla «Paradox Passages», vart spelte inn i studio av Young og Promise of the Real utan å sjå på filmen: «Me hadde sett han, så me berre hugsa han. Det er likskapar med Dead Man, men eg ønskte å gjere det slik. Det er ein lett veg for meg til å uttrykkje filmmusikk. Eg gjorde det same på The LinkVolt Years[1]

Songane «Show Me» og «Peace Trail» var tilegare gjevne ut i 2016 på soloalbumet Peace Trail. Den fulle bandversjonen av «Peace Trail» på Paradox, var første gongen Young og Promise of the Real hadde framført songen i lag.[1] Konsertopptaket av «Pocahontas» er frå 2014. Songen «Tumbleweed» er ei nyinnsepling av ein song frå albumet Storytone frå 2014 og songen «Hey» inneheld eit gitarriff frå songen «Love And Only Love» frå albumet Ragged Glory.

Bandmedlemmet Lukas Nelson spelar ein versjon av «Angel Flying Too Close to the Ground» av faren hans, Willie Nelson.

Mottaking endre

I ei stort sett positiv melding for Pitchfork skreiv Stephen Thomas Erlewine: «Musikken driv mellom skumle gitarsoloar, søt klimpring, og refreng me delvis hugsar, men albumet stoppar stundom opp for ein fullverdig song. Men desse komplette augneblinka kjennest ut som uhell, som om tåka akkurat letta nok til å avsløre heile landskapet.»[2] I Uncut skreiv Michael Bonner: «På mange måtar spelgar den falleferdige, leirbålsstemninga i musikken sjølve filmen til Hannah - men kritikarmessig er ingen av dei ei slik djup oppleving som Dead Man. Ein bør kanskje ikkje sjå på Paradox (verken filmen eller musikken) som eit stort verk frå ein viktig artist, men heller som eit av dei mange sidespranga til Young.»[3]

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Many Moons Ago in the Future»0:30
2.«Show Me»1:46
3.«Paradox Passage 1»2:16
4.«Hey»3:18
5.«Paradox Passage 2»1:23
6.«Diggin' in the Dirt - Chorus»1:11
7.«Paradox Passage 3»2:52
8.«Peace Trail»5:06
9.«Pocahontas»3:14
10.«Cowgirl Jam»10:36
11.«Angel Flying Too Close to the Ground»4:41
12.«Paradox Passage 4»0:13
13.«Diggin' in the Dirt»3:15
14.«Paradox Passage 5»0:24
15.«Running to the Silver Eagle»2:54
16.«Baby What You Want Me to Do?»1:23
17.«Paradox Passage 6»0:18
18.«Offerings»0:51
19.«How Long?»2:26
20.«Happy Together»0:46
21.«Tumbleweed»4:01

Salslister endre

Liste (2018) Plassering
Ungarske album (MAHASZ)[4] 19

Kjelder endre