Opna hovudmenyen
Ragged Glory
Studioalbum av Neil Young & Crazy Horse
Utgjeve 9. september 1990[1]
Innspelt April 1990
Studio Plywood Digital i Woodside (utanom «Mother Earth»: The Hoosier Dome)
Sjanger Garasjerock
Lengd 62:43
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, David Briggs
Neil Young-kronologi
Freedom
(1989)
Ragged Glory Weld
(1991)


Ragged Glory er det 21. albumet til Neil Young og Crazy Horse, gjeve ut på Reprise Records den 9. september 1990.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Chicago Tribune4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Entertainment WeeklyA–[5]
Los Angeles Times4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
MusicHound Rock4/5[7]
Rolling Stone4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[8]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
Spin Alternative Record Guide8/10[10]
The Village VoiceA–[11]

Innhaldsliste

InnspelingEndra

Ragged Glory vart spelt inn i april 1990 på ranchen til Young, Broken Arrow. Bandet spelte eit sett med songar to gonger om dagen i eit par veker (og repeterte aldri same songen i eitt sett), gjekk så attende og valte ut dei beste versjonane. I følgje Young tok denne tilnærmingsmåten «analysen» ut av innspelinga, og gjorde at dei kunne spele utan å tenkje for mykje.[12]

Musikk og tekstEndra

Albumet har ein liknande hardrockstil som Young spelte med Crazy Horse på Everybody Knows This Is Nowhere og Zuma. Den dominerande lyden på albumet var den støyande gitaren til Young, medan Crazy Horse heldt songane i eit livleg tempo. Trass i volumet er songane i følgje Allmusic fengande med sterke melodiar og gode refreng.[13] Dei første to songane er songar som Young og Crazy Horse opphavleg skreiv og spelte i 1970-åra og «Country Home» vart mellom anna spelt på turneen deira i 1976. «Farmer John» er ein coverversjon av ein 60-talslåt, skriven og framført av R&B-duoen Don and Dewey og garagebandet The Premiers. Young innrømde at songen «Days that Used to Be» er inspirert av Bob Dylan sin «My Back Pages».[14] Songen «Mother Earth (Natural Anthem)» er folkesongen «The Water is Wide» med ny tekst om miljøvern. Albumet inneheld mange lange gitarsoloar og to songar er meir enn ti minuttar lange, og heile plata varer over ein time fordelt på berre ti songar.

UtgjevingEndra

Albumet nådde 31. plass på den amerikanske albumlista.

CD-singelen frå albumet, «Mansion on the Hill», inneheld ein song som ikkje kom ut andre stader, «Don't Spook the Horse» (7:36). «F*!#in' Up» vart ofte spelt av Pearl Jam live.

Ragged Glory IIEndra

I desember 2018 fortalte Young på nettsida si at i prosessen med å ommastre albumet, så oppdaga lydteknikaren John Hanlon 38 minuttar med musikk frå innspelingane som ikkje var gjevne ut før. Desse songane, kalla Ragged Glory II, er venta å kome ut i 2019.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Country Home»   7:05
2. «White Line»   2:57
3. «F*!#in' Up [15]»   5:54
4. «Over and Over»   8:28
5. «Love to Burn»   10:00
6. «Farmer John» (Don Harris, Dewey Terry) 4:14
7. «Mansion on the Hill»   4:48
8. «Days That Used to Be»   3:42
9. «Love and Only Love»   10:18
10. «Mother Earth (Natural Anthem)»   5:11

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

Album

År Liste Plassering
1990 The Billboard U.S. 200 31 [16]

Singel

År Singel Liste Peak Position
1990 «Mansion on the Hill» Billboard Mainstream Rock Tracks 3
«Over and Over» Billboard Mainstream Rock Tracks 33

KjelderEndra

  1. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2016-01-31. Henta 4. mars 2019. 
  2. Ruhlmann, William. Ragged GloryAllmusic. Henta 4. mars 2019.
  3. Kot, Greg (6. september 1990). «3 To Watch Out For». Chicago Tribune. Henta 4. mars 2019. 
  4. Larkin, Colin (2011). «Neil Young». Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0857125958. 
  5. Sandow, Greg (14. september 1990). «Ragged Glory». Entertainment Weekly. Henta 4. mars 2019. 
  6. Hilburn, Robert (16. september 1990). «Neil Young's 'Ragged Glory' Touches on Faded Ideals». Los Angeles Times. Henta 4. mars 2019. 
  7. Graff, Gary (1996). «Neil Young». I Graff, Gary. MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Detroit: Visible Ink Press. ISBN 0787610372. 
  8. Loder, Kurt (September 20, 1990). «Neil Young's Guitar Ecstasy». Rolling Stone (587). s. 99. 
  9. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Neil Young». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. ISBN 0-7432-0169-8.  Portions posted at «Neil Young > Album Guide». rollingstone.com. Henta Mal:Date. 
  10. Weisbard, Eric; Marks, Craig, red. (1995). «Neil Young». Spin Alternative Record Guide. New York: Vintage Books. ISBN 0-679-75574-8. 
  11. Christgau, Robert (23. oktober 1990). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 18. desember 2016. 
  12. «Ragged Glory : Massive Discoveries in the vault!». Neil Young Archives. Henta 4. februar 2019. 
  13. Ragged GloryAllmusic
  14. Intervju i Toronto Star 2003
  15. Den offisielle tittelen på songen. På sjølve plata står det «Fuckin' Up».
  16. Ragged GloryAllmusic. Henta 2008-05-15.