Opna hovudmenyen

Ein parameter (gresk: παράμετρος) er ein konstant eller variabel storleik som andre variablar eller resultat avheng av.

MatematikkEndra

For meir om dette emnet, sjå parameter i matematikk.

I likninga

 ,

til dømes, er A,   og   parametrar, medan t er ein kontinuerleg aukande variabel.

FysikkEndra

I fysikk er ein parameter nemninga på storleikar som under eit eksperiment eller ved ei teoretisk undersøking kan haldast konstante eller varierast uavhengig av kvarandre. Undersøkinga vil vise korleis resultatet er avhengig av ein eller fleire av parametrane.

ProgrammeringsspråkEndra

I programmeringsspråk skil ein mellom formelle og aktuelle (argument) parametrar. I ein funksjonsdefinisjon fungerer formelle parametrar som plasshaldarar for aktuelle parametrar (og kalla argument). I MatLab-funksjonen

function y=leggsaman(a, b)

til dømes, er a og b formelle parameter. I denne samanhengen vert a og b kalla ei parameterliste. Når ein kallar funksjonen,

summen = leggsaman(7, 5)

er verdiane 7 og 5 aktuelle parametrar.

Generativ grammatikkEndra

Innanfor chomskyansk grammatikk fekk omgrepet parameter ei sentral rolle på 1980- og 90-talet, i den såkalla prinsipp- og parameterteorien (også kalla styrings- og bindingsteorien, eller GB). I følgje denne teorien er språkevna medfødd hos, som ein universell grammatikk, felles for alle menneske, og dermed for alle språk. Skilnadene språka i mellom kjem av grammatikkane har sett visse parameter ulikt. Døme på slike parameter er kjerne først/sist (som gjev pre- eller postposisjonar), og PRO-drop (om setningar må ha subjekt eller ikkje).

Sjå ògEndra

KjelderEndra