Parameter i matematikk

Parameter i matematikk er eit symbol (ein bokstavstorleik) som ein kan gje fleire verdiar, men som kvar gong ein slik verdi er valt, vert oppfatta som ein konstant.

Døme:

Likninga y = kx + 4 vil alltid gje ei rett linje, som vil gå gjennom punktet (0,4), men ulike verdiar som vert vald for k vil gje ulike linjer eller linjer med ulikt stigningstal. Her vert k kalla ein parameter.

Likninga for ei kurve er gjeven på parameterform viss koordinatane x og y er gjevne som funksjon av ein hjelpevariabel. Til dømes blir det grafiske biletet av x = asin t y = bcos t ein ellipse når parameteren t varierer. Me seier at likninga til ellipsen er gjeven på parameterform.

Kjelder

endre