Opna hovudmenyen

Pardesiya (hebraisk skrift פַּרְדֵּסִיָּה) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Kfar Yona og Lev HaSharon regionale kommune. Han vart grunnlagd mellom 1937 og 1939.[1] Folketalet var i 2007 6 200,[2] over eit område på kring 1,3 km2.

Pardesiya
פַּרְדֵּסִיָּה
lokal kommune
Pardesiya Aerial View.jpg
Namneopphav: Hagestaden
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°18′10.03″N 34°54′39.41″E
Areal 1,273 km²
Folketal 6 200 (2007)
Folketettleik 4 870 / km²
Grunnlagd 1937
 - Bystatus 1952
Borgarmeister Yitzhak Yemini
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Pardesiya

Innhaldsliste

HistorieEndra

Landområdet som Pardesiya ligg på vart kjøpt i 1928 av Jean-Yona Fisher, men vart liggande ubrukt. I 1937 bad Avraham Tabib frå den jemenittiske olim-organisasjonen medlemmane sine om å kome til landet og byggje ein landsby, med lovnad om billig land.[3] Tjue familiar kom og i 1939 var bygginga ferdig. Under andre verdskrigen vart landsbybuarane arbeidslause og klarte ikkje å betale skattane for husa sine. Innnbyggjarane klarte å løyse saka med Jewish Agency for Israel og vart buande i landsbyen. Etter krigen vart det bygd eit nytt nabolag, i tillegg til ein ma'abara for å ta inn nye immigrantar. Pardesiya fekk lokal kommunestatus i 1952.[1]

GeografiEndra

Pardesiya ligg på Sharonsletta og grensar til Kfar Yona i east og Tzur Moshe i Lev HaSharon regionale kommune. Hovudveg 4 går langs vestsida av byen, og Veg 5613 i sør. Staden ligg 35 meter over havet.[4]

VenskapsbyarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 799–800. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  2. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 31. desember 2007. Henta 6. juli 2015. 
  3. «Historie of Pardesiya». Pardesiya Municipality. Henta 6. juli 2015.  (he)
  4. Vilnai, Ze'ev (1979). «Pardesiya». Ariel Encyclopedia. Volume 7. Tel Aviv i Israel: Am Oved. s. 6132.  (he)

BakgrunnsstoffEndra