Opna hovudmenyen

Kfar Yona (hebraisk skrift כְּפַר יוֹנָה) er ein by (lokal kommune) i Sharon-regionen i Sentral-Israel i Israel. Han ligg 7 km aust for Netanya.[2] I 2008 var folketalet 16 100,[1] over eit område på kring 11 km².[3]

Kfar Yona
lokal kommune
Kfaryonacca.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°19′1.57″N 34°56′8.74″E
Areal 11 km²
Folketal 17 600 (2009) [1]
Folketettleik 1 600 / km²
Grunnlagd 23. januar 1932
 - Bystatus 1940
Borgarmeister Efraim Deri
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kfar Yona

Innhaldsliste

HistorieEndra

Kfar Yona vart grunnlagd på landområde kjøpt på Sharonsletta i 1932 frå Mustafa Bushnaq og Shanti-familien frå Qalqiliya.[4]

Kfar Yona (Yona-landsbyen) er kalla opp etter Jean (Yona) Fischer, ein belgisk sionist.[5] Han vart grunnlagd den 23. januar 1932 av Morris Fischer, son av Yona, og medlem av World Jewish Congress, og heitte opphavleg Gan Yona (Yona-hagen).

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 låg Kfar Yona ved frontlinjene og forsvararane av landsbyen var vendt mot den irakiske hæren, som prøvde å nå Netanya og kutte dei jødiske styrkane i Israel i to. Det nye israelske forsvaret tvinga irakarane attende til fjella i Samaria, men Kfar Yona vart verande den austlegaste jødiske busetnaden i området. Som følgje av våpenkvileavtalen i 1949 vart grensa flytta frå Kfar Yona og 8 km austover, til like vest for Tulkarm.[5]

Kfar Yona var omgjeve av frukthagar og hovudnæringa var dyrking av appelsinar. Dei fleste av desse frukthagane er no byta ut med nye bustadområde.

Like ved Kfar Yona ligg Område 21 militærbase, kalla opp etter Mota Gur, som omfattar fallskjermjegerar, Nahal, militærpolitiet og andre små basar. I tillegg grensar Kfar Yona til Pardesiya og Lev HaSharon regionale kommune.

VenskapsbyarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  2. Trans-Israel boost, Haaretz
  3. «Local Authorities i Israel 2005, Publication #1295 - Municipality Profiles - Kfar Yona» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. Henta 14. juni 2008.  (he)
  4. Army of Shadows: Palestinian Collaboration with Zionism, 1917-1948, Hillel Cohen
  5. 5,0 5,1 Vilnai, Ze'ev (1976). «Kfar Yona». Ariel Encyclopedia. Volume 4. Israel: Am Oved. s. 3756.  (he)

BakgrunnsstoffEndra