Opna hovudmenyen

Parimarjan Negi (fødd 9. februar 1993) er eit sjakk-vedunderbarn frå India. Den 1. juli 2006, i ein alder av 13 år, 4 månader og 22 dagar klarte han å kvalifisere seg til tittelen Stormeister i sjakk. Han vart med dette den nest yngste som nokon gong har klart krava til å bli stormeister.

Parimarjan Negi
ParimarjanNegi.jpg
Fødd 9. februar 1993
New Delhi
Yrke sjakkspelar
Parimarjan Negi på Commons
Parimarjan Negi

Parimarjan Negi er berre slått av Sergej Karjakin, Ukraina, som klarte å bli stormeister då han var 12 år og 7 månader gammal. Og Negi kom med dette framom Magnus Carlsen, Noreg, som klarte å bli stormeister då han var 13 år 4 månader og 27 dagar gammal.

Allereie i juli 2005, i ein alder av 12 år, klarte Negi å kvalifisere seg til tittelen Internasjonal meister i sjakk ved å ta sitt tredje napp i tittelen i ei opa internasjonal sjakkturnering i Sort, Spania.

Stormeister-tittelen kvalifiserte han seg for ved mellom anna ein 16-plass i Hastings Chess Congress avslutta den 6. januar 2006, med 6 poeng på 10 rundar og ein ratingprestasjon på 2568. Dette var det andre stormeister-nappet av dei tre naudsynte. Det tredje nappet kom i sjakkturneringa Tsjeljabinsk oblast Superfinale-meisterskap i Satka i Russland, der han avslutta med ein remis i siste runde mot trenaren sin, stormeister Ruslan Sjerbakov, noko som var nok til å klare kravet, 6 poeng på 9 rundar i den turneringa.

Negi sin FIDE-rating var i januar 2009 på 2600.[1]

Parimarjan Negi var elev ved Amity International School i India, og vann fleire turneringar der. Seinare byrja han studere i USA og trekte seg frå profesjonell sjakkspeling.[2]

TurneringssigrarEndra

Negi vann den sterke turneringa Philadelphia International Open Tournament i juni 2008 med 7 poeng på 9 rundar, utan tap.[3]

KjelderEndra

  1. chessbase.com
  2. «India bank on Harikrishna in World Team Chess Championship», The Times of India (Apr 18, 2015)
  3. «Negi wins title», The Telegraph (July 2 , 2008).

BakgrunnsstoffEndra