Sergej Karjakin (fødd 12. januar 1990) er ein sjakkspelar og eit sjakk-vedunderbarn frå Ukraina. Den 20. august 2002, i ei internasjonal sjakkturnering i Sudak, klarte han å fullføre krava til å bli stormeister i sjakk, som den yngste nokon sinne, i ein alder av 12 år 7 månader og 8 dagar. Denne rekorden står framleis.

Sergej Karjakin


Fødenamn Ukrainsk skrift Сергій Карякін; russisk Сергей Карякин
Statsborgarskap Ukraina, Russland
Fødd 12. januar 1990 (34 år)
Simferopol
Idrett sjakk
Tok del i Kandidatturneringen 2018, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016, Sjakkolympiaden 2018
Utmerkingar 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden, fortjenstfull mester i Sport i Ukraina, æra meister av idrett i Russland, Mari Els fortjenstorden, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Dei to som har vore nærast, er Parimarjan Negi frå India og Magnus Carlsen frå Noreg, som begge fullførte krava til stormeistertittelen i ein alder av 13 år og 4 månader og høvesvis 22 og 27 dagar.

Sergej Karjakin var ein av sekundantane til Ruslan Ponomariov då han spelte VM-kamp mot Vassilij Ivanchuk i 2002.

Sergej Karjakin har mange gode turneringsresultat. Han har vunne VM i aldersgruppa under 12 år, og fleire ungdomsmeisterskap i Ukraina. I den VM-kvalifiserande World Cup-turneringa i Khanty-Mansijsk i november-desember 2007 nådde han heilt til semifinalen, etter å ha slått ut fleire sterke motstandarar. I semifinalen måtte han likevel gje tapt mot Alexei Shirov frå Spania.

Sergej Karjakin har klatra jamnt oppover på verdsrankingen etter at han vart stormeister. I april 2005 var han inne på lista over dei 100 beste i verda, og pr 1. januar 2008 var han rangert som nr 14 i verda, med ein FIDE-rating på 2732. Han var dermed også rangert som nr 2 av juniorane i verda, nr 1 var då Magnus Carlsen, med ein rating på 2733.

I januar 2009 vann Karjakin Corus sjakkturnering, ei av dei viktigaste årlege turneringane med 8 poeng på 13 parti, mellom anna framom Magnus Carlsen.

Sergej Karjakin.

I 2009 flytta Karjakin til Moskva og vart russisk statsborgar.[1] På FIDE si ratingliste for 2010 representerer han Russland.[2]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre