Paringssystem er ulike måtar å ordna paring mellom hannar og hoer i ein dyreart, eller kva slags parbinding som finst mellom kvinner og menn i eit menneskeleg samfunn. Dei følgjande paringssystema finst:

  • Monogami (éin hann og éi ho parar seg med kvarandre)
  • Polygami (meir enn éin hann og/eller meir enn éi ho parar seg med kvarandre)
    • Polyandri (éi ho parar seg med fleire hannar)
    • Polygyni (éin hann parar seg med fleire hoer)
    • Polygynandri eller promiskuitet (dyr frå kvart kjønn parar seg med fleire representantar frå det andre kjønnet)

Grensene mellom paringssystema er flytande, avhengig av kvar stor del av paringane som skjer utanfor parbindinga. Mange dyr er t.d. sosialt monogame (inngår ei parbinding med éin partnar), men gjennomfører likevel paringer med eit anna eller fleire andre individ(er) enn partnaren («utanom par»-kopulasjonar, genetisk polygynandri). Dyr kan vera (sosialt) monogame i ein paringsperiode, men finna nye partnarar kvart år (seriemonogami), eller ha den same partnaren heile livet. Mange artar av sjøfuglar er til dømes slike strengt monogame dyr. Monogami er òg norma i dei fleste menneskelege samfunn (jf. ekteskap), men både utanomekteskapelige forhold og seriemonogami finst i større eller mindre grad.

Polygyni er òg forholdsvis vanleg blant dyr, til dømes mange pattedyr. I fleire menneskelege kulturar finn ein former for polygyni, slik som fleirkoneri og harem.

Polyandri er sjeldnare blant dyr. Døme er bladhøns, sjøhestar og symjesniper. Polyandriske menneskelege samfunn er svært uvanlege.

Paringssystema er ofte korrelert med både partnarval og yngelpleie: Kjønnet som vel partnaren, tar seg av avkommet; og kjønnet som blir valt, har ofte flest partnarar.

Sjå òg endre

Kjelder endre