Parkour er ein rørsle- og treningsmåte som kom til i Frankrike. Han går ut på å forflytte seg raskt og effektivt forbi hinder ved hjelp av å springa, hoppa, klatra og rulla. Ein kan bruka metoden overalt, men helst i eit område der det er mange hinder, og gjerne i eit bymessig område. Utøvarar legg vekt på altruisme og har åtvara mot organiserte tevlingar i parkour, sjølv om dei ofte samlar seg i lag og kan driva med oppvising.

Hopp over rekkverk i eit bystrøk.
Opp ei trapp på parkour-vis.

Namn endre

«Parkour» er avleidd frå parcours du combattant, den klassiske militære hinderløypa utforma av Georges Hébert. Hébert var ein tidleg utviklar av fysisk fostring som la vekt på naturlege rørsler framfor meir fastlage gymnastikkrørsler frå samtida si. Det forenkla ordet «parkour» blei danna av Hubert Koundé, ein venn av opphavsmannen til idretten, David Belle.[1]

David Belle lærte militære treningsmetodar av far sin, og vidareutvikla desse med venner i ei gruppe i Lisses som dei kalla Yamakasi (eit lingalaord som tyder 'sterk ånd, sterk kropp, sterk mann, uthaldenheit'). Eit anna medlem i gruppa, Sébastien Foucan, kalla ei form av metoden med ein del akrobatiske tillegg «freerun» eller «freerunning».[2] Teknikkane er også kjende som l'art du déplacement, 'forflyttingskunst'.

Terminologi endre

Ein kan kalla ein utøvar av parkour "traceur" [tʁasœʁ] eller hokjønnsforma "traceuse" [tʁasøz]. Orda er avleidde av fransk tracer, 'følgja'.[3] or "trail" (i.e. he escaped without a trace).[4]

Vanlege rørsler endre

 
Equilibre
  • Demi tour [dəmi tuʁ]: Ei halv vending idet ein tek seg over eit objekt, slik at ein ende opp vend mot staden ein kom frå.
  • Equilibre : Balansering på ei opphøging, anten oppreist eller krypande.
  • Franchissement [fʁɑ̃.ʃis.mɑ̃]: Hoppa eller svinga gjennom eit mellomrom mellom hinder.
  • Laché [la.ʃe]: Henga frå noko og sleppa taket (til dømes frå ein mur eller ei grein)
  • Passement [pas.mɑ̃], 'hoppa over': Koma over noko gjennom å hoppa.
  • Passe muraille [pas my.ʁaɪ]: Å ta seg over ein vegg.
  • Planche [plɑ̃ʃ]: Gå frå ei hengande stilling (i mur, grein el.l.) til ei stilling der overkroppen er over hinderet, støtta av armane. Derette kan ein klatra opp på hinderet og fortsetta.
  • Reverse [ʁi.vɛʁs]: Det omvende hoppet liknar Passement, men utøvaren har ryggen først.
  • Roulade [ʁu.lad]: Å rulla på diagonalen til ryggen. Hovudsakleg brukt for å overføra energi frå hopp slik at knea tar mindre skade.
  • Saut de bras [so d bra], 'armhopp': Å landa på eine sida av eit hinder i ein hengjande/bøygd posisjon, med eit grep om toppkanten, slik at ein kan utføra ein Planche.
 
Saut de précision
 
Saut de chat
  • Saut de chat [so d ʃa], 'kattehopp': Eit hopp der ein tek seg for med hendene og sidan skyt føtene framfor dei klar til landing.
  • Saut de détente [so d de.tɑ̃t]: Hoppa frå eit punkt til eit anna over eit tomrom eller ei lengd. Ofte følgd av ein roulade.
  • Saut de fond [so d fɔ̃]: Hoppa eller sleppa seg til bakken.
  • Saut de précision [so d presiziɔ̃], 'presisjonshopp': Å hoppa frå eit punkt til eit anna spesifikt punkt, til dømes frå hinder til hinder.
  • Saut du voleur [so d volø:], 'tjuvehopp': Hopp over hinder ved hjelp av éin arm.
  • Tic tac [tik tak]: Å sparka ifrå ein mur for å koma over eit hinder, eller for å få høgd til å ta tak i noko.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Parkour
  1. David Belle or PAWA Team, or both, English welcome — Parkour Worldwide Association, arkivert frå originalen 8. mai 2005, henta 12. mai 2007 
  2. Jin (23. februar 2006), PAWA statement on Freerunning., arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 12. mai 2007 
  3. Random House Unabridged Dictionary (v 1.1) (2006), tracer — Definition by dictionary.com, dictionary.com, henta 28. august 2007 
  4. «Portail lexical — Définition de tracer» (på fransk). Henta 28. august 2007.