Denne artikkelen handlar om øya i Princess Elizabeth Land. For øya i Dronning Maud Land, sjå Onguløya.

Onguløy eller Partizan Island er ei øy i Antarktis. Denne krokforma øya ligg midt i innløpet til Langnesfjorden i Vestfold Hills. Ho vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37) og vart namngjeven av dei, men sidan namnet kunne forvekslast med den meir kjende Ongul nyttar ein i staden det russiske namnet. Området vart sidan fotografert frå lufta av U.S. Navy Operation Highjump (1946–47), ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) (1954–58) og Den sovjetiske antarktisekspedisjonen (1956). Ho fekk namnet Ostrov Partizan (Partisan Island) av den sovjetiske ekspedisjonen.

Onguløy
Partizan Island
øy
Land  Antarktis
Koordinatar 68°31′S 78°10′E / 68.517°S 78.167°E / -68.517; 78.167
Lengd km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Partizan Island
68°31′00″S 78°10′00″E / 68.5167°S 78.1667°E / -68.5167; 78.1667
Partizan Island is located in Antarktis
Partizan Island (Antarktis)

Sjå òg

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Partizan Island» (innhald frå Geographic Names Information System).