Gjetar

(Omdirigert frå Hyrding)

Ein gjetar, hyrding eller hjuring er ein person som driv med gjeting; passar på at husdyr ikkje går seg vekk eller skader seg og vernar dei mot rovdyr. I tillegg kan gjetaren ha i oppgåve å mjølka, klippa og slakta dyra.

Sauegjetar i Romania.
Tysk biskop med bispestav.

Gjetarar i kulturen endre

 
Hinduguden Krisjna er kjend som ein kugjetar.

Innan kristendommen er gjetaren eit mykje brukt symbol. Jesus likna Gud med ein god gjetar for sjelane, og kyrkja tok seinare i bruk dette biletet, mellom anna ved at biskopar brukte ein gjetarstav-liknande bispestav. I Juleevangeliet blir gjetarar nemnde som nokre av dei første som fekk sjå jesusbarnet.

Den hinduiske guden Krisjna voks opp som ein kugjetar, og er ofte avbilda spelande på fløyte for kyrne.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gjetar
  Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.