Pat Rizzo
Pat Rizzo (30. november 1941–15. april 2021) var ein amerikansk saksofonist og fløytist som er mest kjend for arbeidet sitt i funkbandet Sly and the Family Stone.
Pat Rizzo | |||
Fødd | 30. november 1941 | ||
---|---|---|---|
Død | 15. april 2021 (79 år) | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1960-åra | ||
Sjanger | soul, funk, rock | ||
Instrument | saksofon | ||
Tilknytte artistar | The Cufflinks Sly and the Family Stone War | ||
Verka som | Saksofonist, fløytist |
Rizzo byrja å spele i 1960-åra med The Cufflinks, før han byrja å spele saksofon og fløyte i Sly and the Family Stone.[1] Han skulle opphavleg erstatte det opphavlege medlemmet Jerry Martini, som hamna i ein krangel med Sly Stone, men både Martini og Rizzo vart verande i bandet og vart gode vener. Han erstatta seinare Charles Miller i War. I denne tida spelte han òg med Tito Puente og Frank Sinatra.
Rizzo spelte på Ry Cooder-albumet Chicken Skin Music i 1976,[2] konsertalbumet Show Time i 1977 og albumet Jazz i 1978[3] og han akkompagnerte Cooder på europaturneen hans i 1977.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pat Rizzo» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Santiago, Eddie (17. februar 2008). Sly: The Lives of Sylvester Stewart and Sly Stone. Eddie Santiago. s. 177–. ISBN 978-1-4357-0987-4. Henta 26. juli 2011.
- ↑ «Ry Cooder - Chicken Skin Music». Discogs. Henta 23. september 2020.
- ↑ «Ry Cooder - Jazz». Discogs. Henta 23. september 2020.
- ↑ Marsch, Michael. «Rockpalast Archiv - Ry Cooder 1977». www.rockpalastarchiv.de. Henta 23. september 2020.