Jazz av Ry Cooder
Jazz Studioalbum av Ry Cooder | ||
Utgjeve | 1978 | |
Innspelt | Amigo Studios, North Hollywood | |
Sjanger | Trad jazz, dixieland, ragtime | |
Lengd | 37:50 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Joseph Byrd, Ry Cooder | |
Ry Cooder-kronologi | ||
---|---|---|
Show Time (1977) |
Jazz | Bop till You Drop (1979)
|
Jazz er det sjette studioalbumet til Ry Cooder, produsert av Joseph Byrd og Ry Cooder og gjeve ut på Warner Bros. Records i 1978.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C+[2] |
På dette albumet hyllar Cooder somme av dei tidlegaste melodiane og meistrane innan jazz, frå slutten av 1800-talet til såkalla «coon songs» tidleg på 1900-talet, til ragtime og den «spanske» musikken til Jelly Roll Morton, og den sofistikerte musikken til kornettisten Bix Beiderbecke. Den einaste artisten representerte på albumet som levde då albumet kom ut var den bahamiske gitaristen Joseph Spence.[1]
Allmusic skreiv om albumet: «Tidlegare hadde vanlegvis platene til Cooder minst ein fot i rock and roll, og Jazz kan stundom mangle noko av den elden og har nesten ei akademisk tilnærming. Det er likevel nok begeistring i den intrikate musikken og den vakre, flytande spelinga til Cooder tilgjev dei høflege framføringane på somme av songane.»[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Big Bad Bill (Is Sweet William Now)» | Milton Ager, Jack Yellen | 3:34 |
2. | «Face to Face That I Shall Meet Him» | Trad. arr. Joseph Spence | 3:16 |
3. | «The Pearls / Tia Juana» | Jelly Roll Morton, arrangert av Ry Cooder | 4:18 |
4. | «The Dream» | Jack the Bear, Jess Pickett | 5:03 |
5. | «Happy Meeting in Glory» | Trad. arr. Joseph Spence | 3:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «In a Mist» | Bix Beiderbecke | 2:05 |
7. | «Flashes» | Bix Beiderbecke | 2:17 |
8. | «Davenport Blues» | Bix Beiderbecke | 2:01 |
9. | «Shine» | Cecil Mack, Ford Dabney | 3:43 |
10. | «Nobody» | Bert Williams | 5:07 |
11. | «We Shall Be Happy» | Trad. arr. Joseph Spence | 3:13 |
Salslister
endreÅr | Liste | Peak |
---|---|---|
1978 | Australia (Kent Music Report) | 68[3] |
Medverkande
endre- Ry Cooder – gitar, Dobro, vokal, mandolin, tiple, harp[4]
- Mark Stevens – trommer (spor A1, A2, A4, A5, B4, B6)
- Harvey Pittel – altsaksofon, klarinett (spor A1, B1, B3, B4)
- Tom Collier – marimba, vibrafon (spor A4, B1, B3, B4)
- George Bohanon – barytonhorn (spor A2, A5, B6)
- Oscar Brashear – kornett (spor A2, A5, B6)
- Stuart Brotman – cimbalom (spor A2, A5, B6)
- Red Callender – tuba (spor A2, A5, B6)
- David Lindley – mandobanjo, mandolin (spor A2, A5, B6)
- Barbara Starkey – pumpeorgel (spor A2, A5, B6)
- David Sherr – bass klarinett (spor B1, B3, B4)
- John Rodby – piano (spor A1, B4)
- Tom Pedrini – bass (spor B1, B3)
- Jimmy Adams – korvokal (spor B4, B5)
- Cliff Givens – korvokal (spor B4, B5)
- Bill Johnson – korvokal (spor B4, B5)
- Simon Pico Payne – korvokal (spor B4, B5)
- Randy Aldcroft – trombone (spor A1)
- Pat Rizzo – altsaksofon (spor A1)
- Mario Guarneri – kornett (spor A1)
- Bill Hood – bass saksofon (spor A1)
- Chuck Domanico – bass (spor A4)
- Earl Hines – piano (spor A4)
- Chuck Berghofer – bass (spor B4)
- Willie Schwartz – klarinett (spor B4)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jazz (Ry Cooder album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Allmusic review
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 20. september 2020 – via robertchristgau.com.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 73. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ discogs.org tracklist