Fløyte
- For mjølkeproduktet fløyte, sjå kremfløyte
Fløyter er blåseinstrument laga av røyr med eitt eller fleire hòl i. Ein skapar lyd ved å blåsa luft mot ein kant av fløyta. Fløyter blir brukte som musikkinstrument, men òg til andre føremål, som å varsla eller gje ordrar med.
Nesten kvar ein kultur har sin eigen fløytetype, som regel fleire. Fløyter er enkle å laga, alt ein treng er eit røyr som ein så kan blåsa mot, som når ein bles på ei flaske. Men blant dei mange ulike fløytetypane i verda finst mange svært kompliserte typar, til dømes den vestlege tverrfløyta av metall, med ei rekke hòl og klaffar. Dei fleste fløyter blir spelte med munnen, men i nokre kulturar finst òg nasefløyter.
Historie
endreDet eldste musikkinstrumentet ein har funne var ei fløyte laga av mammutbein i dei tyske Alpane. Denne er mellom 30 000 og 37 000 år gammal.
Kjelder
endre