Pátmos

(Omdirigert frå Patmos)

Pátmos (gresk Πάτμος) er ei øy i Hellas og den nordlegaste øya i Dodekanesane i Egearhavet. Ho har om lag 3 000 innbyggjarar og eit areal på 34,6 km². Det høgaste punktet er Profítis Ilías på 269 moh.

Pátmos
Lokalt namn Πάτμος
Skála på Pátmos
Skála på Pátmos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°19′N 26°30′E / 37.317°N 26.500°E / 37.317; 26.500
Øygruppe Dodekanesane

Areal 34,6 km²

Høgaste punkt Profitis Ilias (269 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnad Pátmos (612 innb.)

Demografi
Folketal 3 283 (2021[1])
Folketettleik 94,9 /km²

Pátmos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kálymnos er hovudstad i periferieininga.

Dei største landsbyane på øya er Khóra eller Pátmos (hovudbyen) og Skála, den einaste kommersielle hamna. Andre landsbyar er Gríkos og Kámbos. Aust for Pátmos ligg øygruppene Arkí, som høyrer til Pátmos kommune, og Lipsí, som er eigen kommune.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Pátmos 3 283 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 612 innbyggjarar.[1]

Pátmos er mest kjend for å vere nemnd i Johannes' openberring, og forfattaren apostelen Johannes var i eksil på Pátmos då han skreiv boka. På grunn av dette har Pátmos vore ein kristen pilegrimstad. Pilegrimar og turistar kan sjå grotta der Johannes fekk openberringa si. Fleire kloster på øya er tileigna Johannes.

Sommaren 2006 vart det historiske sentrumet på øya (Khóra) med St. Johannes-klosteret og openberringsgrotta ein del av UNESCO si verdsarv.

Historie

endre

Øya vart styrt av tyrkarane i mange år. Pátmos vart erobra av italienarane i 1912 under den tyrkisk-italienske krigen. I 1915 vart Pátmos framleis under italiensk kontroll. Pátmos vart avstått til Hellas etter den andre verdskrigen.

Pátmos er i dag ein turistattraksjon på grunn av dei naturskjønne omgivnadane og dei religiøse heilagdomane.

Byar og tettstader

endre

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Skála 1 747 1 804
Kámbos 633 687
Pátmos (Khóra) 541 612
Grígos 77 132
Arkí 44 38

Småøyar i kommunen:

  • Arkí (38)
  • Maráthi (10)
  • Aváptistos (0)
  • Ajía Thékla (0)
  • Ájos Jeórjos (0)
  • Agreloússa (0)
  • Anýdro (0)
  • Kalóvolos (0)
  • Kómaros (0)
  • Kendronísi (0)
  • Makronísi (0)
  • Nerá (0)
  • Petrokáravo (0)
  • Skláves (0)
  • Syneronísi (0)
  • Spathathonísi (0)
  • Strongyló (0)
  • Tragonísi (0)
  • Tsoúka (0)
  • Tsoukáki (0)
  • Khiliomódi (0)
  • Psathonísi (0)

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelde

endre