Paul Ince

britisk fotballspelar

Paul Emerson Carlyle Ince (fødd 21. oktober 1967) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå bydelen Ilford i London, særleg kjend for tida som midtbanespelar i Manchester United. Med laget frå Manchester var han med å vinne Cupvinnarcupen 1991, to ligameisterskap, to FA-cupar og ein ligacup. I tida 1992-2000 spelte han 53 landskampar for England, skåra to mål.

Paul Ince
Personleg informasjon
Fullt namn Paul Emerson Carlyle Ince
Fødselsdato 21. oktober 1967 (56 år)
Fødestad Ilford i England
Høgd 1,76 m
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986-1989 West Ham 72 (7)
1989-1995 Manchester United 206 (25)
1995-1997 Inter 54 (10)
1997-1999 Liverpool 65 (14)
1999-2002 Middlesbrough 93 (14)
2002-2006 Wolverhampton 115 (10)
2006 Swindon 3 (0)
2007 Macclesfield 1 (0)
Totalt 609 (73)
Landslag
1992-2000 England 53 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Midtbanespelaren Ince debuterte på West Ham United i desember 1986. I september 1989 signerte han med Manchester United, der han dei neste 5-6 sesongane opplevde mykje suksess. Den 17. mai 1990 vann Ince og United FA-cupen etter å ha vunne omkampfinalen 1-0 mot Crystal Palace. Nokså nøyaktig eitt år seinare i Rotterdam vart FC Barcelona slått 2-1 i finalen i cupvinnarcupen 1991. I april 1992 sikra Manchester United seg ligacupokalen etter siger over Nottingham Forest. Både i 1993 og 1994 var Ince med å vinne den engelske ligaen, i 1994 tok Manchester United også "the double" då laget lukkast slå Chelsea FC 4-0 i FA-cupfinalen på Wembley stadion i London.

Sommaren 1995 vart Ince overført til italienske FC Inter, eit lag han var med å spele fram til finale i UEFA-cupen 1997. Etter samanlagt uavgjort 1-1 tapte Inter straffetevlinga mot tyske Schalke 04. Sommaren 1997 valde Ince å reise heime til England, der han fekk kontrakt med Liverpool FC og spelte i to sesongar. Side var Ince Middlesbrough-spelar i tre sesongar og Wolverhampton-spelar i fire år fram til 2006.

Landslagsspel endre

Ince fekk sin landslagsdebut i september 1992. Han var mykje delaktig på landslaget både under Fotball-EM 1996 på heimebane, der England nådde semifinalane, og under VM i fotball 1998. Han spelte sin 53. og siste landskamp då England rauk ut or Fotball-EM 2000 etter tap 2-3 mot Romania. Ince skåra to landslagsmål, begge kom på bortebane i ein VM-kvalifiseringskamp mot San Marino i november 1993.

Kjelder endre