Paul Scholes
Paul Scholes (fødd 16. november 1974) er ein engelsk tidlegare fotballspelar, fødd i Salford, som spelte for Manchester United frå 1994 til 2013. På sine 19 sesongar vann han meisterligaen to gongar, ligameisterskapen elleve gongar, FA-cupen tre gongar og ligacupen to gonar.
Paul Scholes | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 16. november 1974 (49 år) Salford |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1998, EM i fotball 2000, VM i fotball 2002, EM i fotball 2004 |
Utmerkingar | English Football Hall of Fame |
Klubbspel
endreScholes debuterte for United med to mål mot Ipswich Town den 24. september 1994. Frå 1997 hadde han fast plass i fyrstellevaren til laget frå Manchester. Han viste seg som ein målfarleg midtbanespelar og skåra heile 107 mål på sine 499 ligakampar.
Landslagsspel
endreI mai 1997 fekk Scholes sin landslagsdebut for England mot Sør-Afrika. Også her skåra han i debutkampen. Etter 66 landskamper og 14 mål for det engelske landslaget, takka han etter EM i fotball 2004 nei til vidare landslagsspel. Han deltok både i VM 1998 og 2002, samt EM 2000 og 2004, utan større suksess.
Merittar
endre- Vinnar av Premier League: 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2007, 2008, 2009, 2011 og 2013 (11)
- Vinnar av FA-cupen: 1996, 1999 og 2004 (3)
- Vinnar av meisterligaen: 1999 og 2008
- Vinnar av ligacupen: 2009 og 2010
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paul Scholes» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2016.