Paul Sunde

norsk politikar

Paul Tjøstolsen Sunde (5. februar 18962. september 1958) var ein norsk arbeidar frå Nissedal som representerte Arbeidarpartiet og kjøpstadene i Telemark og Aust-AgderStortinget i tida 1945-53.

Paul Sunde
Fødd5. februar 1896
Nissedal
Død2. september 1958 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Sunde var son til ein småbrukar. 15 år gammal tok han arbeid ved Åmli-Treungenbanen og var så to år sysselsett med anleggsarbeid på Rjukan. I 1913 reiste han til sjøs ei tid. Fram til 1922 arbeidde han jamt på ymse anlegg. Sidan var han i 36 år kommunearbeidar i Arendal, heilt til han døydde i 1958.

Sunde var medlem 1932-34 i bystyret i Arendal og 1937–40 og 1956–58 i formannskapet i byen. Under verdskrigen sat han fengsla 1944-45 i Grini fangeleir. Hausten 1945 vart Sunde vald til stortingsrepresentant frå dei sju kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder, attvald i 1949. Alle stortingssesjonane var han medlem i Militærkomiteen. Då ordninga med eigne valkrinsar for byane vart avvikla før stortingsvalet 1953, nådde han ikkje opp til «sikker» plass under nominasjonen i Aust-Agder fylke.

Kjelder endre