Paul Svarstad

norsk politikar

Paul Svarstad (6. mars 19173. april 1998) var ein norsk skogbrukar, gardbrukar og politikar frå Stryn i Nordfjord. Han var stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane 1965-73, vald for Høgre, og ordførar i Stryn 1975-76.

Paul Svarstad
Fødd 6. mars 1917
Død

3. april 1998 (81 år)

Yrke politikar

Svarstad var son til ein gardbrukar. Han gjekk Framnes ungdomsskule i Norheimsund, der farbroren Hans Svarstad var styrar. Frå 1933 til-45 arbeidde han med skogbruk, både som hoggar, arbeidsformann og sagmeister. I april 1940 deltok han i krigen mot Hitler-Tyskland, deretter var han 1943-45 aktiv i Milorg. Etter 1945 dreiv han sagbruk og handla med skog og trelast. Samstundes var han gardbrukar og fruktdyrkar på Faleide i Stryn til 1983. I tillegg var han 1949-52 redaktør i lokalavisa Fjordingen og 1949-59 aktiv i overvakingstenesta.

Svarstad var kommunestyremedlem i Innvik 1952-1963 og formannskapsmedlem i den nye Stryn kommune 1964-79. Han var varaordførar i Innvik 1956-63 og ordførar i Stryn 1975-76. Frå hausten 1965 til 1973 representerte han Høgre på Stortinget, heile tida som medlem i Samferdslekomiteen.

Svarstad skreiv Innvik - eit prestegjeld gjennom 200 år. Ein sparebank gjennom 100 år, ei bok som Innvik Sparebank gav ut i 1981.

KjelderEndra